NRK Meny
Normal

Urix tek taxi: Uroa for Uber

OTTAWA (NRK): NRK Urix tek denne hausten verdas taxisjåførar på alvor og kjem til å sette seg inn, la taksameteret gå og spørje sjåførane om deira meiningar fleire stader i verda.

Urix tek taxi i Ottawa

Karim Oukil frå Algerie er litt uroa for framveksten av Uber i den canadiske hovudstaden, men er elles strålande nøgd med sitt nye heimland.

I dag er det val i Canada, og Urix har lodda stemninga hos taxisjåføren Karim Oukil. Sjå den siste episoden i serien «Urix tek taxi» i videoen ovanfor.

– Etter at Uber kom er det mange av oss i bransjen som har tenkt at vi kanskje må finne oss noko anna å gjere.

Karim Oukil frå Algerie har budd seks år i Canada og køyrt taxi i to av dei. Han nemner helsesystemet som ein av mange ting som skil Canada frå naboen i sør og som gjer at Canada i hans auge kjem best ut.

– Her får til og med innvandrarar tilgang til helsetenester, gratis! For meg er det stort å vere canadiar. Eg kjenner meg heldig som får ta del i dette flotte systemet, seier Oukil.

Han har stemmerett, og den har han tenkt å bruke.

– Eg er lei av Harper!

Oukil viser til statsminister Stephen Harper som no kjempar for ein fjerde periode som regjeringssjef. Opposisjonspartiet Dei liberale vert sett på som favorittar og deira statsministerkandidat, Justin Trudeau, kan kome til å ta over statsministerjobben.

Oukil har trua på Trudeau, som er son av "landsfaderen" Pierre Trudeau som var statsminister i 15 av åra mellom 1968 og 1984.

– Ja visst, han er ung, og manglar kanskje erfaring, men det vil han få.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt