Israel har lagt fram video som dei meiner viser at ein Quassam-rakett blir lasta inn i ambulansen. UNWRA seier at videoen viser at det er ei båre som blir lasta inn.
Det var eit førarlaust israelsk fly som tok bileta over Gazastripa sist fredag.
Israel har protestert til FNs generalsekretær Kofi Annan, og krev at UNRWA-sjefen Peter Hansen blir fjerna frå stillinga si.
Peter Hansen seier på si side at videoen viser at dei uidentifiserte mennene ber på ein lett gjenstand, medan ein Quassam-rakett er nærmare to menter lang og veg 50 kilo. Og at diameteren på ein slik rakett er 17 centimeter, og at gjenstanden på biletet har ein diameter på fem centimeter.
UNRWA-sjefen fryktar at dei israelske skuldingane skal gjere FN-ambulansane til mål for israelske angrep, og sette ambulansepersonellet sine liv i fare.
Israelske styresmakter held fast på at Hamas nyttar FN -ambulansar til å smugle rakettar, og har bede Kofi Annan sin representant i Midtausten, nordmannen Terje Rød-Larsen, om ei forklaring.
Israel meiner at Petter Hansen har anti-israelske haldningar.