Hopp til innhold

- Grilling og sigarettar har utløyst brannane

Det er menneske, og ikkje varmen, som har starta flesteparten av skogbrannane som herjar i Russland, opplyser russiske styresmakter.

Dei fleste av dei 700 brannane i Russland er ifølgje russiske styresmakter forårsaka av uforsiktig menneskeleg åtferd.

– Folk som brenn søppel, kastar glødande sigarettar eller ikkje sløkkjer bål godt nok etter grilling har sett i gong dei katastrofale brannane, seier Irina Andrianova, talskvinne for Departement for naudsituasjonar til CNN .

Dødstala aukar

I går auka dødstala frå 34 til 40 omkomne i brannane, og eit nytt røykteppe la seg over den russiske hovudstaden Moskva.

Russlands president Dmitrij Medvedev erklærte måndag unntakstilstand i sju av Russlands totalt 83 regionar på grunn av voldsomme skogbrannar. Presidenten har omtalt situasjonen som den verste naturkatastrofen i landet på 40 år.

SJÅ VIDEO: Køyrde gjennom skogbrann

Video Kjørte gjennom skogbrann

Dramatisk video viser fire frivillige som vert fanga i ein stor skogbrann i nærleiken av Borkovka i regionen Nizhny Novgorod, vest-Russland.

250 000 kjempar mot flammane

Over 250 000 brannmenn og andre arbeidarar er sett inn i kampen mot dei om lag 700 brannane. Hundrevis av soldatar og frivillige bistår også i arbeidet med å få bukt med flammehavet som dekkjer eit areal på 115 000 hektar. Ein hektar tilsvarer ein baseballbane i storleik.

– Dette er det verste eg har opplevd. Eg har aldri vore med på eit så omfattande sløkkingsarbeid før, seier brannmann Maxim Korolyov til nyheitsbyrået AFP.

Varmebølgje

Brannane har oppstått i den verste varmebølgja i Russland i manns minne. Førre torsdag blei temperaturen målt til 39 grader i Moskva, som vanlegvis har ein gjennomsnittstemperatur på 23 grader på sommarstid. Det er den høgaste temperaturen nokonsinne målt i den russiske hovudstaden, sidan registreringane starta i 1879, skriv CNN .

Russiske styresmakter fryktar no at skogbrannane vil eskalere, ifølgje BBC . Det er meld temperaturar på over 40 grader og vindstyrke på rundt 20 m per sekund i sørlege og sentrale delar av Russland. Det er så langt ikkje varsla regn.

Dei regionane som er verst råka er Voronezh, Ryazan, Vladimir, Ivanovo, Moskva, Mordovia, Nizhny Novgorod og Tatarstan.

SISTE NYTT

Siste nytt