Hopp til innhold

Unntakstilstand i Quito – byen under militært styre

Det er protestar for tiande dagen på rad i hovudstaden Quito i Ecuador, og det er innført portforbod og militært styre. Sentrum av hovudstaden ser ut som ei krigssone, men det er håp om forhandlingar som kan løyse krisa.

Uro i Quito i Ecuador.

For tiande dagen på rad er det store demonstrasjonar mot president Lening Moreno i den ecuadorianske hovudstaden Quito.

Foto: Ivan Alvarado / Reuters

Presidenten har gjort det klart at Quito no er under militært styre. Unntakstilstanden vart sett i verk klokka 15 lokal tid, klokka 22 norsk tid.

Ei urfolksgruppe som har leidd an i protestane seier i kveld at dei har bestemt seg for å forhandle direkte med president Lenin Moreno. Samstundes melder TV-kanalen Ecuavisa at presidenten har sagt seg villig til å ta ei ny vurdering av innstrammingane han har sett i verk.

På trass av dette held uroa fram. Ved 23-tida laurdag kveld norsk tid, ved 16-tida lokal tid, prøvde demonstrantar å ta seg inn i lokala til avisa El Comerico og ein TV-stasjon.

Uro i Ecuador.

Ein demonstrant viftar med det ecuadorianske flagget under uroa Quito laurdag kveld norsk tid, laurdag ettermiddag lokal tid.

Foto: Martin Bernetti / AFP

Dei store demonstrasjonane er i protest mot presidenten at presidenten har innført lover som blant anna kuttar sterkt i subsidiane på drivstoff. Det er også andre innstrammingar i økonomien som folk har reagert på.

Vegen til flyplassen stengt

President Lenin Moreno har hittil nekta å gå tilbake på innstrammingane, men ser altså no til å kunne vere på glid. Luftfartsstyresmaktene har i dag stengt vegen til flyplassen i byen, melder nyheitsbyrået Reuters.

Elles er situasjonen i Quioto kaotisk. Demonstrantane har bygd opp barrikadar. Politiet skyt tåregass mot demonstrantane, og dei svarar med brannbomber mot politiet. Røyken ligg tett i gatene, og det er ved 20-tida norsk tid ikkje noko som tyder på at uroa skal gi seg.

Menneskerettsgrupper og har skulda politiet for å vere for hardhendte mot demonstrantane, og dei har bede ordensmakta vere meir tilbakehaldne. Politiet svarar at det er demonstrantane som er valdelege, og at dei må bruke makt for å slå ned opprøret.

Uro i Quito i Ecuador.

Ein offentleg bygning er sett i brann i Quito.

Foto: Carlos Garcia Rawlins / Reuters
Uro i Ecuador.

Det er harde gatekampar i sentrum av hovudstaden Quito i Ecuador laurdag.

Foto: Martin Bernetti / AFP

– Ekstrem valdsbruk

President Lenin Mareno seier at politiet har blitt møtt med ekstrem valdsbruk frå demonstrantane. Han har også skulda president Nicolás Maduro i Venezuela og tidlegare president i Ecuador, Rafael Correa, for å sendt sine folk inn for å hisse opp demonstrantane ytterlegare.

Ecuadors president Lenin Moreno.

President Lenin Moreno er hardt pressa etter ti dagar med store demonstrasjonar.

Foto: Santiago Arcos / Reuters

Presidenten har ikkje lagt fram bevis for skuldingane, og både Maduro og Correa har avvist at dei har blanda seg inn.

I går foreslo Moreno for første gong direkte samtalar med demonstrantane, men då avviste demonstrantane forslaget. FN har tilbode seg å mekle mellom partane.

Ecuador innfører portforbud etter drivstoffprotester

Mange er såra

Over 2000 menneske er såra og rundt 1000 er varetektsfengsla i Ecuador den siste veka. Styresmaktene opplyser at fem menneske har mist livet som følgje av framferda til demonstrantane, blant anna to som fall frå ei bru og ein som vart treft av ein bil.

Statsstøtta på drivstoff vart kutta sist veke som ein del av avtalen som regjeringa har inngått med Det internasjonale pengefondet IMF. Ecuador skal spare 1,3 milliardar dollar årleg på tiltaket.

Den 10 døgn lange uroa i Ecuador har hatt store skadeverknader på økonomien i landet. Fleire store oljefelt og gruver har stengt ned som følgje av dei harde samanstøytane mellom politi og demonstrantar.

SISTE NYTT

Siste nytt