Hopp til innhold

Unntakstilstand i Costa Rica før orkanen «Otto»

Fleire tusen menneske er bedne om å evakuere i Costa Rica og Nicaragua. Styresmaktene har erklært unntakstilstand, få timar før orkanen «Otto» når land.

Nicaragua Otto
Foto: INTI OCON / Afp

Køen med menneske som ventar på å få medisinar og helsesjekk går heilt rundt hjørnet på evakueringssenteret i Guapiles i Costa Rica. Køen med dei som ventar på mat er like lang.

Inne leitar foreldra gjennom kasser med donerte kle for å finne noko ungane deira kan ha på seg. Dei har forlate heimane sine, og ingen veit kor lenge dei må søkje ly her.

Fryktar flaum

Uvèret som herjar i Karibia vart i går nedgradert til tropisk storm, men vinden har igjen nådd orkanstyrke, ifølgje det USA-baserte National Hurricane Center. «Otto» har ei fart på 120 kilometer i timen, men det er venta at styrken vil minke når orkanen når land.

Det er også venta kraftig regn over heile landet i dagane som kjem, og det aukar faren for flaum og jordskred.

– Situasjonen er framleis kritisk fleire stadar. Vindstyrken har auka, og det kjem til få konsekvensar for oss dei neste timane, seier Costa Ricas president Luis Guillermo Solís.

Laster Twitter-innhold

Presidenten oppmodar folk til å la vere å køyre, og seier at alle offentlege kontor vert stengde dei neste dagane.

Solís fryktar også at orkanen kan gjere store øydeleggingar på kaffiplantasjane.

– «Otto» kan få alvorlege konsekvensar for småbønder som er avhengige av mais, bønner, kakao, honning, kaffe og husdyr, seier Jennifer Zapata, regiondirektør for organisasjonen Heifer International til The Guardian.

Dette er den sjuande orkanen denne sesongen, men kan bli den første orkanen som treff Costa Rica sidan målingane begynte i 1851.

Laster Twitter-innhold

Vonde minner

Også i nabolandet Nicaragua førebur folk seg på orkanen. Dei spikrar igjen vindauga og dørene, og håpar at husa skal tole uvêret dei har i vente.

Fleire av innbyggjarane hugsar godt dei enorme øydeleggingane etter orkanen «Joan» som trefte landet i 1988. Den gongen mista over 200 menneske livet, og 23 000 heimar vart øydelagde.

– Det bur framleis folk her som overlevde orkanen «Joan», og dei hugsar korleis det såg ut her då, seier Joseph Vans, ein av innbyggjarane i Bluefields i Nicaragua.

Mange av dei som bur på øyane er evakuerte inn til fastlandet. Det er venta at «Otto» først treff landet på fredag.

SISTE NYTT

Siste nytt