Hopp til innhold

«Teletubbie», «Tomat» og «Nudler»

For å unngå sensur på sosiale media i Kina, nyttar brukarane kodeord når dei skal diskutere politikk. Men det er berre eit spørsmål om tid før kodane blir oppdaga.

collage kina

TOMAT, TELETUBBY OG KANG SHIFU: Bo Xilai, Wen Jiabao og Zhou Yongkang har fått kallenamn på sosiale nettstader.

Foto: AFP/Mark Ralston/Liu Jin, AP/Gno Gayne/Steve Senne, CLOURBOX

Sidan partisekretæren Bo Xilai fekk sparken, har det vore spekulasjonar om maktkampar i kommunistpartiet i Kina.

Brukarane av sosiale media har heve seg inn i diskusjonen ved å snakke om politikarane i kodar for å unngå sensur, skriv den engelske avisa The Guardian.

Bo Xilai har fått kallenamnet «Tomat». Kina sin statsminister Wen Jiabao blir kalla «Teletubbie». Og sikkerheitssjefen Zhou Yongkang blir kalla «Kang Shifu», som er eit populært nudelmerke.

«Katt og mus»

Cuimin Pang har skreve doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, om kva sosiale nettsamfunn betyr for kinesiske internettbrukarar.

– Det er ein måte å forbigå sensur. Det er nesten som ein leik mellom mikrobloggarane og myndigheitene. Når eit ord blir oppdaga, så er det berre å byte det ut med eit nytt, og slik kan det halde på for alltid, seier Cuimin Pang.

Kineserne er ivrige brukere av sosiale medier.

Kinerserne er ivrige brukarar av sosiale nettsatder.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP

Det blir brukt ordspel, forkortingar, ord som høyrest like ut, eller forskjellige teikn.

– Nokre er ganske enkle, som at «zhengfu», som tyder «regjering», blir til «ZF». Men mange av kodane me har sett i det siste er nye, som til dømes nudelmerket. Ein må ha fylgt med på nettet for å skjønne dei, seier Jeremy Goldkorn som driv ei nettside om kinesisk media, til The Guardian.

Blir oppdaga

– Nettstadane har automatisk filtrering av «sensitive» ord, men dei vel sjølv kva ord det skal vere. Myndigheitene kan også sende ut lister til bloggselskapa med ord dei vil at skal filtreres, seier Pang.

Dette betyr at når du ønskjer å legge ut eit innlegg på eit kinesisk diskusjonsforum, finst det eit filter som sjekkar innlegget ditt før det blir publisert, og passar på at du ikkje er i ferd med å rekruttere til motstandsrørsler eller oppfordrar til tibetansk sjølvstyre.

The Guardian melder at søk etter orda «Teletubby» og «Kang Shifu» saman vart blokkerte med ein åtvaring om at innhaldet var i strid med lovar og reglar.

(Saka held fram under biletet)

weibo

Weibo er ein kinsisk microblogg-nettstad og er ein hybrid av Facebook og Twitter.

Foto: skjermdump fra weibo.com

Rykter

Nettet florerer også med rykte som ikkje er sanne, og folk må sjølve filtrere informasjonen. Og det er ikkje alltid så lett å finne ut av kva det er snakk om.

– «Kang Shifu» blir faktisk diskutert ein del på mikrobloggar uansett. Det er eit av dei mest diskuterte merka fordi typiske nettbrukarar et ein del ferdignudler, seier Goldkorn til The Guardian.

Viktig for framtidig demokrati

Til hausten blir det halde partikongress i Kina. Sju av ni medlemmar i politbyråets ståande komité, som er kommunistpartiets øvste maktorgan, skal skiftast ut.

– Når det skjer store hendingar blir sensuren vanlegvis strengare, seier Pang.

Ho synest det er viktig at kinesarane har ein moglegheit til å diskutere politikk.

– Det er viktig for det politiske medvitet til befolkninga. Per dags dato er det ikkje noko nasjonal protestrørsle mot styresmaktene i Kina. Men i det lange løp så er moglegheita til å diskutere politikk på nettet ein viktig ressurs for eit framtidig demokrati, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt