Universitet i USA går til sak om visum for utanlandske studentar

USA vil ikkje sleppe utanlandske studentar som berre tar undervising på nett inn i landet. No går fleire universitet til sak.

Campus på Johns Hopkins-universitetet.

JOHNS HOPKINS: Johns Hopkins-universitetet er det tredje kjende universitetet som går til sak mot amerikanske immigrasjonsmyndigheiter.

Foto: Patrick Semansky / AP

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Onsdag denne veka vart det klart at dei anerkjende universiteta Harvard og MIT ville gå til sak for å hindre at utanlandske studentar skal miste visuma sine. No saksøker også Johns Hopkins-universitetet amerikanske immigrasjonsmyndigheiter (ICE). Det melder Baltimore Sun.

Den nye regelendringa vart offentleggjord av ICE på måndag. Då vart det klart at utanlandske studentar på studentvisum ikkje fekk kome inn i landet dersom undervisinga på universitetet deira berre var basert på nett.

Fleire universitet i landet skal etter planen ha alt eller det meste av undervisinga på nett denne hausten.

– Målretta

Ifølgje Baltimore Sun meiner Johns Hopkins at regelendringa er meint for å presse universiteta til å opne undervisingssalane tidlegare enn dei hadde planlagt. Det er også Larry Bacow, president ved Harvard, einig i.

– Det verkar som dette er målretta mot å leggje press på universiteta til å opne sine campus for personleg oppmøte denne hausten, utan omtanke for helsa og sikkerheita til studentar og andre, sa han tidlegare denne veka ifølgje CNN.

Søksmålet frå Harvard og MIT skal opp til høyring tysdag, melder Boston Globe.

– Må bli heime

Etter at regelendringa vart kjend snakka NRK med fleire norske studentar ved amerikanske universitet. Ein av dei er Cornelius Bencsik, som studerer ved Harvard.

– Eg må bli heime og gjere all undervising på nett. Likevel må eg betale full pris for studia, som blir ganske stivt, sa han til NRK tysdag.

Bencsik synest ikkje at det å studere frå Noreg påverkar han akademisk. Samtidig meiner han det no er aspekt ved utdanninga han no vil gå glipp av.

– Ein mistar moglegheita til å få ein-til-ein rettleiing. Tilbakemeldingar er ikkje like hyppige og moglegheitene er færre. Interaksjonen med lærarar og professorar vert borte, som gjer at ein mistar moglegheita til å få oppfølging og stille spørsmål.

I 2019 var det til saman 1988 norske studentar i USA, ifølgje utdanningsrapporten Open Doors.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 27.07.2021
1 429
Smittede siste 7 dager
22
Innlagte
799
Døde
3 412 492
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste nytt

Macron på polynesisk sjarmoffensiv i skyggen av atomvåpen

Frankrikes president Emmanuel Macron er på besøk i Polynesia. Der forventes det at den mørke historien med testing av atomvåpen tas opp.

Advarte om giftige skyer etter eksplosjon i Tyskland

Tykk svart røyk steg opp fra et område i Leverkusen, rundt 20 kilometer nord for storbyen Köln tirsdag formiddag. En person skal ha mistet livet etter en eksplosjon i et industriområde med kjemiske fabrikker.