Unikt funn av 2000 år gamle mumiar

Egyptiske arkeologar har funne eit unikt gravkammer i provinsen Minya sør for hovudstaden Kairo. Dei over 2000 år gamle mumiane, både menneske og dyr, er godt bevarte.

Mumiefunn i Egypt.

Sjå bileta frå gravkammeret i Minya i Egypt.

Foto: Mohamed El-shahed / AFP
Eit gravkammer, truleg frå rundt 350 -30 år før Kristus, er funne i provinsen Minya i Egypt.

Det er funne mellom 50 mumiar fordelte på fire ulike gravkammer, gravne ni meter inn i ein klippeformasjon. Arkeologar reknar maed at gravene er frå det ptolemeiske kongedømmet i Egypt, som regjerte frå 323 før Kristus til rundt år 30 før Kristus.

Alexander den store

Dette kongedømmet var ifølgje Wikipedia gresk-makedonsk, og det oppstod då Alexander den store døydde. Denne æraen varte fram til dronning Kleopatras død og den romerske erobringa av Egypt i år 30 før Kristus. Hamnebyen Alexandria var hovudstaden for dette kongedømmet.

Arkeologane ser ikkje bort frå at gravkammeret kan stamme frå tidleg romersk eller bysantinsk tid.

Det er truleg ikkje kongelege som er gravlagde her. Det er funne hieroglyfar, egyptiske skriftteikn, inne i gravkammeret, men desse har ikkje gitt informasjon om kven som ligg i gravkammeret. Truleg tilhøyrde gravkammeret ein velståande familie.

Pakka inn i linstoff

Laurdag vart 40 av dei 50 mumiane viste fram til journalistar og innbodne gjestar, blant andre mange utanlandske ambassadørar. Dette truleg med tanke på lokke turistar til funnstaden.

Nokre av mumiane var pakka inn i linstoff og lagde direkte på bakken, medan andre igjen var plasserte i steinkister eller i sarkofagar av tre.

Minst 12 av mumiane var born, og det var seks mumifiserte dyr. Resten var vaksne menn og kvinner, opplyser arkeolog Rami Rasmi, som har vore med på utgravingane heilt sidan dei starta i fjor.

Funnstaden ligg i Tunah al-Gabal i provinsen Minya, 260 kilometer sør for Kairo.

450 år gamal mumie kan gje leddgiktsvar

Mystisk funn i Egypt: Tusener vil drikke 2000 år gammel «mumie-juice»

Mystisk sarkofag oppdaget i Alexandria

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt