Hopp til innhold

Unike bilete frå underverda i Los Angeles

Los Angeles-politiet har truleg teke rundt ein million bilete frå arbeidet mot kriminalitet i storbyen dei siste hundre åra. Her kan du sjå eit lite utval.

Frå fotoarkivet til LAPD

FOTOALBUM: Sjå dei unike bileta frå Los Angeles-politiet.

Foto: LAPD / Fototeca
Fotobyrået Fototeka i Los Angeles har berga og teke vare på fleire hundre bilete frå fotoarkivet til Los Angeles-politiet frå 1920-åra til 1970. Her kan du sjå ein del av desse bileta.

Dei unike bileta dokumenterer kriminalitet, sosiale forhold og politikk i storbyen Los Angeles frå 1920-talet til 1970. Mange av bileta i samlinga stod i fare for å bli brende, men takka vere innsatsen til fotografen og reservepolitimannen Merrick Morrick, har den historiske skatten blitt berga for ettertida.

Saman med kona Robin Blackman driv han fotobyrået Fototeka , og for tida blir politibileta stilte ut i galleriet House of Lucie i den amerikanske storbyen. Utstillinga er resultatet av fleire hundre timar med arbeid i byarkivet i Los Angeles.

Negativa frå 1920- og 1930-talet var laga av cellulosenitrat, eit svært brannfarleg stoff. Det vart bestemt at dei skulle destruerast. Morrick og hjelparanehans greidde å hindre dette, og dei fekk plassert negativa i eit kaldt lager, for å unngå brannfaren.

Utstillinga inneheld bilete frå perioden 1925 til 1970, og materialet gir eit unikt innblikk i den kriminelle underverda i denne perioden.