Hopp til innhold

Unge irar flyktar i hopetal

Ei ny emigrasjonsbølgje er i ferd med å slå inn over Irland. Den gigantiske spareplanen som vert offentleggjort i dag, vil neppe få fleire unge irar til å satsa på ei framtid i heimlandet.

Irar protesterer mot redningspakke frå EU

Unge irar protesterer mot den økonomiske redningspakken kriseråka Irland får frå EU. No vel stadig fleire unge å flytta frå landet for å finna seg jobb.

Foto: PETER MUHLY / Afp

– Eg elskar landet mitt, og trudde eg kom til å bli her for alltid. Men når det ikkje finst jobbar har me ikkje noko val. Me vert nødde til å reisa utanlands for å tena til livets opphald, seier den unge iren Kevin Fitzgerald til nyheitsbyrået AFP.

I den irske Republikken er så mange som ein trededel av dei under 25 år arbeidslause.

Irlands Student Union reknar med at heile 150 000 vil gjera som Fitzgerald, og reisa ut av landet i løpet av dei fem neste åra.

I fotspora til sine forfedre

Utvandring i hopetal er langt ifrå eit ukjend fenomen i Irland. Då potethausten 1845-1846 slo feil, pakka fleire millionar irar sekken og emigrerte til land som USA, Storbritannia og Skottland. I perioden 1845 til 1911 vart folketalet nærast halvert, frå åtte til fire millionar som følgje av emigrasjon og hungersnaud.

Men sidan 1990-talet har ein blomstrande økonomi fått majoriteten av unge og nyutdanna irar til å etablera seg - og lukkast i heimlandet.

No er derimot «den keltiske tigeren» pengelens, og ungdommen ser seg igjen nødd til å forlata moderlandet for å byggja ei trygg framtid.

Hjerneflukt

Toppeleven Fitzgerald har fått studieplass på Trinity College Dublin, som er ranka blant dei hundre beste universiteta i verda. Fitzgerald er likevel sikker på at den kunnskapen og kompetansen han opparbeider seg i løpet av studietida si, vil bli eksportvare. For framstormande og karrierelysten ungdom har heimlandet for lite å tilby.

– Eg er vitne til at stadig fleire bedrifter trekk seg ut, og svært mange unge går arbeidslause. Det lovar ikkje bra, seier han.

Elaine Byrne er lærar ved universitetet. Ho kan stadfesta at pessimismen er stor blant dei unge. I ei uformell spørjeundersøking gjort i ein undervisningstime nyleg, svarte om lag heile klassen at dei kjem til å flytta utanlands.

– Mange av venene mine drar no. Svært mange av dei høgtutdanna i alderen 20 til 30 år vender nasen mot land der arbeidsmarknaden har meir å by på, fortel Byrne til AFP.

Gjeld, underskot og arbeidsløyse

Trinity College i Dublin: Gårdsrommet.

Mange av studentane som går ved det prestisjetunge Trinity College i Dublin har planar om å etablera seg utanfor Irland når dei er ferdige med utdanninga si.

Foto: Nina Skurtveit / NRK

Utvandringstala er no på sitt lågaste sidan 1989. I perioden april 2009 til april 2010, reiste 65 000 irar ut av landet. Tilsvarande tal for perioden 1996 til 2005 var på mellom 25 000 og 31 000 i året.

At dagens situasjon skremmer unge irar frå å etablera seg innanfor eigne landegrenser, er ikkje overraskande. Irland har:

  • ei gjeld på 88 milliardar euro
  • eit underskot på statsbudsjettet som nærmar seg 30 prosent av BNP
  • ei arbeidsløyse på 14 prosent (33 pst. av dei under 25 år)
  • gjeve lovnader om å koma ein kollapsa banksektor til unnsetning.

Nyleg måtte den irske regjeringa krypa til krossen og be om internasjonal hjelp til å stabla den skakkjørte økonomien sin på beina igjen.

Må fram med sparekniven

I irske regjeringskorridorar kunne ein høyra lettande sukk då EU i helga gav sitt krisepakke-ja. Men den gjengse borgar, og særleg dei unge som står på bar bakke, har førebels lite å jubla for.

EU stiller nemleg krav til at Irland sjølv kjem med ein djuptgripande spareplan for dei neste fire åra.

Det er venta at spareplanen, som blir offentleggjort onsdag, blant anna vil innebera kutt på rundt 10 milliardar euro (82 milliardar kroner) i offentlege utgifter og 5 milliardar euro (41 milliarder kroner) i auka skattar innan 2015, ifølgje NTB.

– Eg trudde alt berre var velstand, og at økonomien blomstra. Men slik går det når ein livnærer seg på bankane, seier studenten Fitzgerald.

SISTE NYTT

Siste nytt