Hopp til innhold

Ungdom i Sør-Korea: OL-samarbeid på Koreahalvøya gir håp om fred

SOKCHO (NRK): – Eg trur at Nord-Korea si deltaking i OL er eit steg på vegen mot fred på den koreanske halvøya. Det seier Jo Jae-gyeong, ein av fleire optimistiske ungdommar NRK møter i Sokcho, ein times veg frå OL-byen Pyeongchang.

Jo Jae-gyeong

Jo Jae-gyeong er optimistisk og håpar på at OL vil føre til ei betre framtid på Koreahalvøya.

Foto: Andrea Cimini / NRK

Dagen før OL startar i Sør-Korea er mange opptatt av kva konsekvensar det vil få at også naboen i nord skal delta. Forholdet mellom dei to landa på Koreahalvøya har lenge vore svært spent.

Jo Jae-gyeong er optimistisk.

– Eg har tru på at deltakinga vil styrkje vennskapet mellom landa og føre til eit betre samarbeid også etter OL. Derfor er dette eit steg på vegen mot fred, seier ho.

Jo Sue-kyung er samd.

– Når Nord-Korea deltar, styrkjer det venneskapet, og eg trur det kan føre til at dei to landa på halvøya kan bli sameinte.

Jo Sue-kyung

Jo Sue-kyung trur det går mot ei sameining av Sør- og Nord-Korea.

Foto: Andrea Cimini / NRK

Militærparade i nord

Samtidig som utøvarane gjer seg klare til olympiske leikar i Sør-Korea, marsjerer det nordkoreanske militæret på den andre sida av grensa.

– Vi er no i stand til å vise vår status som ei militærmakt i verdsklasse, sa Kim Jong-un til ei jublande folkemengde i hovudstaden Pyongyang torsdag.

Men landet vil også vere med på OL-festen som startar sør for grensa fredag.

Kim Jong-un si søster, Kim Yo-jong, er med i den nordkoreanske delegasjonen som kjem til OL-byen Pyeongchang. Ho blir den første medlemmen av Kim-familien som besøkjer nabolandet sidan Korea-krigen.

Onsdag kom ein stor nordkoreansk heiagjeng OL-byen. Dei skal fungere som støtte til dei nordkoreanske OL-troppen.

Nord-Koreas lag til OL

OL-troppen til Nord-Korea er på plass i Pyeongchang og deltok under velkomstseremonien torsdag.

Foto: Yelim Lee / AFP

– Kim Jong-un er problemet

– Det at Nord-Korea deltar, er uproblematisk. Det nordkoreanske folket er ikkje noko problem. Kim Jong-un er problemet, seier Choi Yong-chyeok.

Kwon You-min har lita tru på at OL vil føre til fred.

– Vi ser ingen teikn til det, seier han. Eg håpar på ei sameining av Nord- og Sør-Korea, for det vil føre til ei positiv økonomisk utvikling. Men eg trur dessverre ikkje at det blir noko av, seier han.

Kwon You-min

Kwon You-min har lita tru på at OL vil ha noko å seie for spørsmålet om eventuell sameining mellom nord og sør.

Foto: Andrea Cimini / NRK

– Høgt spel om OL

Andreas Selliaas er ekspertkommentator for Eurosport og var tidlegare NUPI-forskar med sport og forsoning som fagområde.

– Det er eit høgt spel om OL vi er vitne til. Sør-Korea håpar på forsoning, mens Nord-Korea sannsynlegvis bruker dette som propaganda, seier han til NRK Urix torsdag kveld.

– Eg trur forholdet kan bli meir betent. Sør-Korea har gjort alt dei kan for å komme nordkoreanarane i møte. Dei ønskjer eit fredeleg OL, og dei ønskjer ei avspenning i konflikten. Men om USA køyrer på med tøffare sanksjonar, kan resultatet bli ein meir betent konflikt, og Sør-Korea vil då igjen ha fått gode kort på handa, seier Selliaas, og legg til:

– Det blir utruleg spennande å sjå om USAs visepresident Mike Pence og søstera til Kim tar kvarandre i handa under opningsseremonien, seier Selliaas.

Antidoping Norge holder seminar for idrettsledere og media.

Andreas Selliaas er ekspertkommentator for Eurosport under OL.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Håp om fred

Han meiner Nord-Korea gjennomfører denne sjarmoffensiven at to grunnar.

– Dei vil vise at dei strekkjer ut ei hand. Og dei bruker det for det er verdt internt, for å vise at Nord-Korea dikterer resten av verda, og at alt er tilrettelagt for dei under OL. Kim Jong-un har også eit storpolitisk mål. Han vil ha fokus bort frå atomprøvesprengingar og prøve å skape splitting mellom Sør-Korea og USA, seier Selliaas.

Men blant ungdommane i Sokcho lever håpet om at OL skal vere med på å skape ei betre framtid.

– Eg håpar at Nord- og Sør-Korea igjen kan bli eitt land, seier Kim Kyoung-rock. Då kan familiar som er splitta mellom nord og sør, komme saman igjen. Og vi kan få ei positiv økonomisk utvikling.

Urix forklarer: Kan egentlig noen uker med fysisk kappestrid gjøre noe for freden i verden - og hvor kommer den ideen fra?

Urix forklarer: Kan egentlig noen uker med fysisk kappestrid gjøre noe for freden i verden - og hvor kommer den ideen fra?

SISTE NYTT

Siste nytt