Schmitt har vore skulda for at doktorgradsarbeidet hans var plagiat. I dag sa Scmitt at han av omsyn til pliktene som president for eit samla Ungarn, no går av.
Personleg sak splitta landet
– I den ungarske grunnlova eg har skrive under på, representerer presidenten ei nasjonal eining. I denne situasjonen, når ei personleg sak splittar mitt elska land snarare enn å samle det, er det mi plikt å gå av som president, sa Schmitt.
Seinast fredag sa den ungarske presidenten at han ikkje ville trekkje seg trass i at skuldingane om doktorgradsarbeidet hans var plagiat.
LES:
– Det er ingen samanheng mellom ein krangel om plagiat og mi rolle som statsoverhovud, sa Schmitt då.
Kopierte andre forfattarar
Torsdag avgjorde eit spesialråd ved Semmelweiss-universitetet i Budapest at Schmitt mistar doktorgraden han har i idrettshistorie.
LES:
Det skjedde etter at ein granskingskommisjon ved universitetet konkluderte med at presidenten hadde kopiert store delar av si avhandling frå andre forfattarar.
Ungarnske medium har avdekka at så mykje som 197 av dei 215 sidene i doktorgradsavhandlinga som Schmitt skreiv i 1992, var henta frå andre forfattarar, utan at dei var krediterte.
69 år gamle Schmitt som har vunne to OL-gull i fekting, avviser skuldingane.
Ei meiningsmåling etter avsløringane, viser at 90 prosent av ungararar meiner at presidenten bør gå av.