NRK Meny
Normal

Ungarn samlar migrantar i konteinar-leirar

Ungarn vil internere alle migrantar i grenseleirar bygd opp av konteinarar medan asylsøknadene deira blir behandla. Dei som ikkje har gyldige innreisedokument, blir kasta ut av landet straks.

Grensgjerdet mellom Ungarn og Serbia.

Ein ungarsk politimann ved gjerdet på grensa til Serbia.

Foto: Darko Vojinovic / AP

– Vi treng eit lovverk som vernar oss. Dette er ein alvorleg situasjon, seier Janos Lazar, som er stabssjef hos statsminister Vktor Orban. Han legg til at han reknar med diskusjonar med EU-kommisjonen og andre organisasjonar om dei nye åtgjerdene.

– Det er heilt klart at tryggingssituasjonen i Europa har vorte verre snarare enn betre. Tyrkia forsvarar grensene til Europa, vi vil gjerne styrkje grensene til Ungarn, sa Lazar til journalistar etter eit regjeringsmøte i Budapest i går.

Større grensegjerde

Ungarns statsminister Viktor Orban.

Ungarns statsminister Viktor Orbán har fått sterk kritikk frå andre EU-land for den strenge asylpolitikken.

Foto: Gregorio Borgia / AP

Lazar gjorde det klart at Ungarn no har tenkt å stramme ytterlegare inn overfor migrantar, og han sa også at Ungarn vil byggje eit mot Serbia og Kroatia i sør.

Dei nye konteinarleirane skal bestå av einingar som kvar har plass til mellom 200 og 300 menneske. Alle asylsøkjarar vil bli plasserte i slike leirar, medan asylsøknaden deira blir behandla.

Ungarn er eitt av dei vanskelegaste landa i Europa å få politisk asyl. 29.432 menneske søkte asyl i landet i 2016, men berre 425 fekk innvilga asyl.

Menneskerettsgrupper har trua med å melde Ungarn inn for EU-domstolen fordi landet alt held eit stor tal asylsøkjarar i lukka leirar, og for det dei meiner er ei vilkårleg internering av alle asylsøkjarar.

- Flere UFOer enn flyktninger

Flytkningleir på grensa Serbia-Ungarn.

Situasjonen er vanskeleg også for migrantane som er stranda på den serbiske sida av grensa til Ungarn.

Foto: Darko Vojinovic / AP

– Uvanleg praksis

Dei meiner ein slik praksis ikkje har vore vanleg i demokratiske land i Europa på fleire riår.

Den ungarske Helsingfors-komiteen har også varsla at dei vil ta ungarske styresmakter inn for EU-domstolen i alle saker der asylsøkjarar ulovleg er haldne i varetekt, noko som kan gjere Ungarn erstatningspliktig.

– Regjeringa burde heller prøve å betre forholda i dei opne mottakssentera og bruke pengar på integrering av menneske som har fått asyl i Ungarn, heiter det i ei fråsegn frå gruppa.

– Trump er ein blant mange

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt