NRK Meny
Normal

Ungarn i kaukakisk øksemordar-strid

Strid om ein øksemordar har ført til at Armenia har brote alle diplomatiske band til Ungarn og truar no erkefienden Aserbajdsjan med krig.

Store protestar også i Budapest.

Det har vore store protestar også i Budapest etter at øksemordaren vart sett fri.

Foto: LASZLO BALOGH / Reuters

Fredsprosessen i Nagorno-Karabakh har fått seg ein kraftig knekk etter at Aserbajdsjan slapp fri ein offiser som hadde drepe ein armensk kollega med øks i Budapest. Han sona straffa si i Ungarn, som hevdar dei sende han tilbake til heimlandet med garantiar om at han skulle rett i fengsel. I staden fekk han amnesti og vart hylla som ein folkehelt.

Ramil Safarov under rettsmøtet i Budapest.

Ramil Safarov drap ein armensk medoffiser på eit NATO-kurs i 2004.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

Deltok på NATO-kurs

Dei to offiserane frå Aserbajdsjan og Armenia var begge deltakarar på eit NATO-språkkurs i Ungarn i 2004. Ved militærhotellet i Budapest skal den armenske offiseren ha skrytt av korleis armenarane gav den aserbajdsjanske hæren juling under krigen i Nagorno-Karabakh på 90-talet.

Det skal ha provosert den aserbajdsjanske offiseren Ramil Safarov til å gripe ei øks og hakke i hel den armenaren Gurgen Margarian som låg og sov.

Under rettssaka forsvarte Safarov seg med at armenske soldatar hadde drepe familiemedlem og slektningar under den blodige krigen i Nagorno-Karabakh, som varte frå 1988–1994. Millionar av menneske vart jaga på flukt og framleis er det sporadiske skotvekslingar mellom dei to landa i området.

Konflikten har til og med fått følger for Melodi Grand Prix som ble arrangert i Aserbajdsjan i år.

Ein ungarsk domstol dømde Safarov til livsvarig fengsel for øksemordet, og saka gjekk i gløymeboka. Heilt til i år då Safarov fekk innvilga ein søknad om å sone straffa si i heimlandet.

Sett fri og forfremma

Straks Safarov kom til hovudstaden Baku, vart han motteken som ein helt og gjeven amnesti. Men ikkje nok med det. Løytnanten vart forfremma til major, kommunen gav han eit nytt hus og han fekk utbetalt lønn for dei åtte åra han sat i ungarsk fengsel.

Hundrevis av menneske møtte opp for å hylle øksemordaren då han la ned krans for dei som døde i krigen mot Armenia.

– Han kunne ikkje handla på nokon annan måte. Alle borgarar av Aserbajdsjan, som er ein patriot, bør vere som han, sa ein eldre mann til nyheitsbyrået Reuters.

Men i Armenia har amnestiet ført til raseri som rettar seg mot både Aserbajdsjan og Ungarn. Den armenske presidenten Serzj Sargsian innkalla i helga til pressekonferanse der han i krasse ordelag kutta alle diplomatiske band til Ungarn.

Konspirasjonsteoriar

Og i den armenske hovudstaden Jerevan florerer konspirasjonsteoriane om at Ungarn hadde gjort ein lukrativ olje og gass avtale med energirike Aserbajdsjan i bytte mot drapsmannen.

Utanfor presidentpalasset i Jerevan brenn demonstrantar no ungarske flagg, og det folkelege raseriet mot Ungarn blir stadig større.

– Europa som snakkar om menneskerettar, korleis kan dei la ein person bli drepen på høglys dag, for so å sleppe fri mordaren, seier læraren Gagik Genosian til Reuters.

Også utanfor nasjonalforsamlinga i Budapest har armenarar stilt seg opp for å vise si avsky mot lauslatinga av Safarov. Inne i nasjonalforsamlinga ber opposisjonen om svar på korleis dette kunne skje.

Ramil Safarov motteken som helt i Aserbajdsjan.

Ramil Safarov vart motteken som ei helt heime i Baku. Her er han på vandring ned Martyralleen.

Foto: Aziz Karimov / Ap

Ordknapp statsminister

Media har i ei veke jakta på statsminister Viktor Orbán for å konfrontere han med påstanden om at han har gjort ein hestehandel med Aserbajdsjan. Ein ordknapp statsminister avviser påstandane.

– Ungarn er eit demokratisk land i Europa. Reglane i internasjonal rett er ikkje basert på hemmelege, men offentlege avtalar, sa Orban til kringkastinga i Ungarn.

Den ungarske regjeringa forsvarar seg med at dei handla i god tru og at dei vart ført bak lyset. Men medan politikarane i Ungarn kranglar om kor konkrete desse forsikringane var, truar øksemordarstriden med å velte fredsprosessen i Nagorno-Karabakh.

– Øksemordaren eit offer

Både USA, EU og Russland har uttrykt bekymring. Og NATO-generalsekretær Anders Fogh Rasmussen er no i Armenia for å roe gemyttane etter at den armenske presidenten i raseri trua med å erklære krig mot Aserbajdsjan. Fogh Rasmussen kritiserte i dag Aserbajdsjan for å glorifisere ein mordar.

Men trass massiv kritikk frå NATO, EU og USA, i Baku står dei på sitt. Utanriksminister Elmar Mammadyarov seier at øksemordet er direkte relatert til krigen mellom Aserbajdsjan og Armenia og at Safarov først og fremst er eit traumatisert offer. Om stormaktene klarar å få dei to erkerivalane til å legge ned stridsøksa før situasjonen kjem ut av kontroll, gjenstår å sjå.

Meir om dette i Urix i kveld på NRK2 klokka 22:10

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt