Hopp til innhold

Underviser jenter - med livet som innsats

Ehsanullah Ehsan underviser afghanske jenter i skjul for Taliban. No er han glad for at ei grufull lynsjing har ført noko positivt med seg og starta ein kvinnekamp i Afghanistan.

AFGHANISTAN SEPT 11 SCHOOL

Desse jentene er heldige, men mange jenter må gå på skule i skjul. Også tilsette ved skular risikerer mykje ved å gi undervisning, blant dei er Ehsanullah Ehsan som i kveld er gjest i Urix på NRK2.

Foto: TOMAS MUNITA / Ap

Ehsanullah Ehsan, Kate Clark og Gry Blekastad Almås

Ehsanullah Ehsan og Kate Clark kjenner begge Afghanistan godt. I kveld er dei på besøk hos Gry Blekastad Almås i Urix på NRK2.

Foto: NRK

Skulane der han er rektor ligg i Kandahar-regionen i Afghanistan, kor Taliban står sterkt.

– Me underviser i særs konservative område av landet der påverknaden frå Taliban er stor, så me må gjere det i skjul, fortel Ehsan som i kveld er gjest hos NRK Urix.

Først religiøse bøker, deretter andre

Han fortel at bøker vert sendt til jentene sine heimar, og at ein først startar med religiøse bøker, men deretter lurer inn anna lektyre også.

– Me sender inn bøker i skjul. Me startar først med religiøse bøker, men litt etter litt introduserer me andre bøker som mattebøker, språkbøker og andre skulebøker.

– Skjer undervisninga i jentene sine heimar?

– Ja, det gjer det, og i nokre tilfelle også i moskear, seier Ehsan.

Afghanistan

Både afghanske kvinner og menn har dei siste dagane demonstrert for å vise si støtte til kvinners rettar.

Foto: Massoud Hossaini / Ap

Blussa opp ny kvinnekamp

I Afghanistan er kvinners rettar særs avgrensa, og mange jenter får aldri gå på skulen eller kome seg ut i arbeid.

Men dei siste dagane har det blussa opp ein kvinnekamp i landet, etter at ei kvinne vart lynsja og drepen fordi ho skulle hatt sett fyr på ein koran, noko som seinare har vist seg å vere feil. I fleire dagar har hundrevis av afghanarar protestert i gatene.

Ehsan synest det er bra at drapet har vekka mykje merksemd, sjølv om det er trist at eit uskuldig liv har gått tapt.

– Aktiviteten på sosiale medium og andre stader i Afghanistan viser at folk er sinte. Og dette er eit godt døme på at folk har endra seg, og at dei no reagerer på vald mot kvinner, meiner Ehsan.

(Saka held fram under videoen)

Drepen afghansk kvinne gravlagd.

Den lynsja kvinna vart gravlagd på søndag.

– Tenk om dette skjedde utanfor Kabul

Tidlegare BBC-korrespondent i Afghanistan og noverande leiar av Afghanistan Analysts Network, Kate Clark, er ikkje like optimistisk.

AFGHANISTAN DAILYLIFE/ Afghan girls carry dried shrubs, for fuel and heating, on their heads on the outskirts of Jalalabad

Mange jenter i Afghanistan må ut i arbeid i ung alder, og får ikkje skulegang.

Foto: PARWIZ / Reuters

– Etter kvart vart det reagert bra nok. Men i byrjinga var det to høgståande embetsmenn som rettferdiggjorde drapet. Dei nærast aksepterte at mordet fann stad. Tenk om dette hadde skjedd i ingenmannsland utanfor Kabul, då ville reaksjonen vore annleis trur eg, seier Clark.

Ehsan held likevel fast på at Afghanistan er i endring, og det i positiv retning.

– Dette er eit godt døme for folk i framtida. Folk vil ikkje godta slik brutalitet mot kvinner, fordi me ser reaksjonen frå både menn og kvinner i Afghanistan no. Denne kvinna sette eit godt døme, sjølv om me mista eit uskuldig menneske, seier Ehsan.

SISTE NYTT

Siste nytt