Dei konservative fekk eit solid fleirtal sist torsdag og skal oppfylle lovnaden om å ta landet ut av EU. Men det er altså ein protokoll som skal følgjast før ein kan ta fatt på den konkrete politikken.
Første post på programmet var å besøkje Overhuset, som overrekte ønsket frå dronninga om at Underhuset peikar ut ein leiar. Den som har sete lengst i Underhuset, får ansvaret for å gjennomføre valet. Det er for tida Peter Bottomley, som har sete i Underhuset sidan 1975, fire år før Margaret Thatcher vart statsminister.
- Les også: Hva nå, Boris?
Eit raskt val
Som venta stilte Lindsay Hoyle til nyval, berre halvannan månad etter at han tok over etter den karismatiske og kontroversielle John Bercow. Utan motkandidatar var valet unnagjort på nokre minutt. Tradisjonen tru sette han seg på bakbeina og streta han imot då han vart ført opp til den opphøgde ordstyrarplassen i enden av salen.
– Utan å vilje snakke stygt om dei som ikkje er her lenger, vil eg seie at dette er eit mykje betre Parlament enn det førre, sa statsminister Boris Johnson då han fekk ordet av Hoyle.
Valet sist torsdag sikra det konservative partiet hans reint fleirtal med 365 plassar.
– Og på fredag skal vi …, sa Johnson.
Først etter ein lang kunstpause fullførte statsministeren setninga med noko han påpeika at sjølv papegøyen til den dyrekjære Hoyle kunne ha gjetta:
– Få brexit unnagjort.
Både Johnson og Labour-leiar Jeremy Corbyn gratulerte Hoyle med valet.
Blir tekne i eid
Etter valet av leiar, skal parlamentarikarane takast i eid. Med 650 medlemmer går dermed resten av tysdagen og delar av onsdagen med.
Torsdag er det klart for trontale, berre vel ein månad etter at dronninga sist gjorde greie for planane til regjeringa. Dagen etter det igjen er det altså duka for debatt om utmeldingsavtalen med EU, og då ligg vegen open for at Boris Johnson kan leie landet ut av EU innan 31. januar.