NRK Meny
Normal

UNCHR: - 500 drukna i Middelhavet

FNs flyktningorganisasjon UNCHR fryktar at 500 menneske kan ha drukna i eit forlis i havområdet mellom Libya og Italia sist veke. Berre 41 skal ha overlevd.

Flyktninger som overlevde forlis

Fleire tusen menneske på flukt har mist livet i forlis i Middelhavet dei siste par åra. Her frå ein redningsaksjon i april i fjor.

Foto: HANDOUT / Reuters

UNCHR baserer tala sine på det nokre av dei overlevande har fortalt. Her kjem det fram at mellom 100 og 200 migrantar hadde gått frå Torbruk i Libya i eit stort fartøy. Fartøyet var i dårleg stand, og det var ikkje sjødyktig, har dei fortalt.

Ute på havet, etter ei sjøferd på fleire timar, vart fleire hundre migrantar frå andre båtar overførte til den store båten. Dette var meir enn båten tolte, og han gjekk ned. Det er uklart akkurat kvar forliset skjedde, og om menneskesmuglarane gjorde forsøk på å hjelpe.

Tekne til Hellas

Dei overlevande vart berga 16. april, og dei kom framtil Kalamata-hamna i Hellas dagen etter. Dei dreiv av garde i ein livbåt, men kan ikkje seie kor lenge.

UNCHR opplyser at det er uklart når sjølve forliset skjedde, heller ikkje kva fartøy som berga dei som overlevde. Dei som berga livet var 37 menn, tre kvinner og eit tre år gammalt barn.

Dei 41 er frå Somalia, Sudan, Etiopia og Egypt.

Ikkje presise tal

Dei første meldingane om forliset kom sist veke, men det var få opplysningar tilgjengeleg. Italias president Sergio Mattarella sa måndag denne veka at tragedien i havet hadde kosta fleire hundre menneske livet.

Italienske nyheitsmedium melde at rundt 400 menneske truleg var drukna nær kysten av Egypt. Seinare same dagen sa somaliske styresmakter at mellom 200 og 300 somaliarar var om bord i båten som gjekk ned, men at dei ikkje hadde presise tal.

Ny flyktningtragedie i Middelhavet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt