Hopp til innhold

Militærleiar i Mariupol: Kan ikkje bekrefta at alle sivile har blitt evakuerte frå stålverket

– Vi held fram med å kjempa så lenge vi lever, seier kommandør for dei ukrainske styrkane på Azovstal-stålverket.

AZOVSTAL: Røyk stig opp frå stålverket i Mariupol. Bilete er teke 7. mai.

AZOVSTAL: Røyk stig opp frå stålverket i Mariupol. Bilete er teke 7. mai.

Foto: Alexei Alexandrov / AP

Søndag hevdar underkommandør for dei ukrainske styrkane på Azovstal-stålverket at russiske styrkar held fram med angrepa mot stålverket.

– Vi held fram med å kjempa så lenge vi lever, seier kommandøren ifølgje Reuters.

Han seier i ein videosamtale at det er mange skadde soldatar, og at bønfell å få dei evakuerte.

Vidare seier han at dei ikkje kan bekrefta at alle sivile har blitt evakuerte.

Laurdag hevda ukrainske styresmakter at alle kvinner, barn og eldre sivile skulle vera evakuerte frå stålverksområdet Azovstal i Mariupol.

Ukrainas president Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa at regjeringa no er over i ny fase, som handlar om å få dei ut dei ukrainske soldatane frå stålverket.

– Dette er ekstremt vanskeleg, men viktig, sa Zelenskyj i ein videotale natt til søndag.

Les også Alle eldre, kvinner og barn skal være ute av stålverket i Azovstal

Åtak på skule

Guvernøren i Luhansk, som også ligg aust i Ukraina, seier at Russland har bomba ein skulebygning der 90 menneske hadde gått i dekning.

– 60 menneske er drepne etter eit luftåtak på ein skule i Bilohorivka, skriv Serhij Hajdaj på Twitter.

Han er guvernør og leiar for den militære administrasjonen i Luhansk, som ligg aust i Ukraina.

90 personar hadde gått i dekning i kjellaren i skulebygningen, skriv Emine Dzheppar, første viseminister i utanriksdepartementet i Ukraina, på Twitter.

Har tatt opp att redningsarbeidet

Guvernør Hajdaj hevdar at berre 30 av personane som hadde søkt dekning blei redda ut i live.

Han har publisert ein video av eit bygg som ligg i ruinar og som brenn.

Åtaket skal ha skjedd laurdag kveld. Redningsarbeidet skal også ha starta laurdag, men blei avbrote natt til søndag. Arbeidet blei tatt opp att søndag morgon.

Partially collapsed building due to shelling in the village of Bilohorivka

Redningsarbeidet starta laurdag og blei tatt opp att søndags morgon.

Foto: STATE EMERGENCY SERVICES / Reuters

Opplysningane er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder. Det russiske forsvarsdepartementet har ikkje svart på spørsmål om den påståtte bombinga, skriv Reuters.

Harde kampar i Luhansk

Ifølgje guvernøren hadde folk i landsbyen søkt dekning i skulen etter at ein annan bygning som blei brukt som tilfluktsrom blei øydelagt.

Skulen skal då ha vore einaste staden der folk kunne søkja dekning.

– Nesten heile landsbyen hadde søkt tilflukt, alle som ikkje var evakuerte, seier Hajdaj til CNN.

Guvernøren i Luhansk hevdar at skulen blei brukt som tilfluktsstad.

Guvernøren i Luhansk hevdar at skulen blei brukt som tilfluktsstad.

Foto: STATE EMERGENCY SERVICES / Reuters

Han hevdar at det var eit russisk fly som slapp ei bombe på skulen.

Det føregår harde kampar i Luhansk, som er eitt av fylka som russikvenlege separatistar har hat delvis kontroll over sidan 2014.

Kart over krigen i Ukraina 8. mai 2022

Kilde: Institute for the study of war / AEI's critical threats project / NRK (Oppdatert 08.05.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 08.05.2022

Kilde: Institute for the study of war / AEI's critical threats project / NRK (Oppdatert 08.05.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 08.05.2022

SISTE NYTT

Siste nytt