Følg utviklinga i Kiev direkte
Høgsterett kan ta ei avgjerd i saka alt i dag, men mest sannsynleg ikkje før i morgon. Både opposisjonskandidaten Viktor Jusjtsjenko og statsminister Viktor Janukovitsj har lovd å løyse striden på fredeleg vis.
Opposisjonen krev i dag at regjeringa straks endrar vallova, slik at det kan setjast ein dato for eit nytt presidentval. Dei krev at ein dato blir fastsett innan 48 timar.
Viktor Justsjenko talar dagleg til tilhengjarane sine i Kiev. (Foto. AFP/Scanpix)
Demonstrasjonar
Tilhengjarane av Jusjtsjenko har halde enorme demonstrasjonar kvar dag sidan valet 21. november.
Dei har blokkert regjeringsbygningane i sentrum av Kiev i fleire dagar, men Jusjtsjenko lovde i går å oppheve denne blokaden. Klokka 09.30 norsk tid var blokaden enno ikkje oppheva, blir det meldt frå Kiev.
Dei fleste observatørar reknar med at det går mot ein eller anna form for nyval i Ukraina, anten eit heilt nytt val, eller ein ny andre valomgang mellom Janukovitsj og Jusjtsjenko.
Kutsjma
President Leonid Kutsjma går inn for eit heilt nytt val, der også andre kandidatar kan delta. Dette vil ta fleire månader å organisere, og det vil medføre at Kutsjma blir sitjande i presidentstolen i fleire månader framover. Det vil også gi han tid til å finne ein annan kandidat enn Janukovitsj, som få trur vil ha særleg sjanse i eit nytt val.
Kutsjma diskuterte situasjonen i Ukraina med sin russiske kollega Vladimir Putin i Moskva i dag. Etter møtet sa begge at dei var samde om korleis situasjonen i Ukraina skulle løysast, og Putin uttrykte full støtte til Kutsjmas politikk.
Putin sa at han har lita tru på ein ny andre valomgang, og Kutsjma sa at krisa i Ukraina ikkje kan løysast utan hjelp frå Russland
Viktor Jusjtsjenko sa i går kveld at han berre kan godta ein ny andre valomgang.
Regjeringa
Det er eit stort spørsmål også kva Kutsjma gjer i forhold til regjeringa. Nasjonalforsamlinga røysta i går for å kaste regjeringa, og då skal presidenten etter lova oppløyse kabinettet. Det har ikkje kome signal frå Kutsjma kva han har tenkt å gjere.
Det er ei vente og sjå-haldning i Kiev i dag. Demonstrasjonane held fram, og det alle ventar på er ei avgjerd i høgsterett. Partane i den ukrainske valstriden møttest til samtalar i går saman med utanlandske meklarar, og det vart semje om nye samtalar så snart høgsterett har teke si avgjerd.
Ein flokk Jusjtsjenko-tilhengjarar slappar av på ein jernbanestasjon i Kiev sentrum. (Foto: Reuters/Scanpix)