Ein fiendtleg drone blei skote ned over presidentpalasset i Kyiv torsdag kveld, hevda ukrainske myndigheiter først.
– Under den siste flyalarmen blei et ubemannet luftfartøy observert over Kyiv. Objektet blei skote ned av luftvernstyrkane, skrev Serhiy Popko, leiaren for militæradministrasjonen i Kyiv, på meldingstenesta Telegram, ifølge NTB.
Seinare bekrefta det ukrainske luftforsvaret at dronen Bayraktar TB2 UAV mista kontrollen under ein rutineflyging.
– Det er truleg ei teknisk feil, skriv Ukrainas luftforsvar på Telegram.
SVTs team i den ukrainske hovudstaden filma at dronen blei skote ned.
Dronen blei skote ned over Majdan-plassen i sentrum av hovudstaden.
Fleire ekspertar som har analysert videoar av hendinga, meinte på førehand at det kunne vera snakk om ei ukrainsk drone på avvege.
Påstand om droneangrep i Moskva
I går hevda russiske myndigheiter at Ukraina forsøkte å gjennomføra eit droneangrep mot Kreml i Moskva.
Ifølge Russland skal målet ha vore å drepa president Vladimir Putin.
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj har avvist skuldingane.
– Me angripar ikkje Putin eller Moskva, men me kjempar på eige territorium og forsvarar våre landsbyar og byar. Me har ikkje våpen nok til den jobben, så det er grunnen til at me ikkje bruker dei andre stader, sa Zelenskyj i går.
Ingen skadde
Ordføraren i Kyiv, Vitali Klitschko, opplyser at ein brann braut ut i bydelen Solomyanskij i den vestlege delen av byen. Redningspersonell skal vera på staden.
Førebels er det ikkje meldt om skadde.
Det pågår også skyting og eksplosjonar over Kyiv torsdag kveld.
NRKs korrespondent i Kyiv, Kari Skeie, fortel at ho høyrde heftige smell og skot. Innbyggjarane har blitt bedt om å søka tilflukt.