Hopp til innhold

Viktige hendingar i Ukraina-konflikten

Her er ei oversikt over dei viktigaste hendingane i Ukraina den siste tida., frå massedemonstrasjonane i Kiev til ei de facto russisk maktovertaking på Krim.

Kosakkvakter framfor det regionale parlamentet i Simferopol på Krim.

Menn i kosakkuniformar vaktar det regionale parlamentet på Krim, som torsdag vedtok å be om å få bli ein del av Russland.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

Desember 2013/Januar 2014:

Store demonstrasjonar mot president Janukovitsj etter at han droppa underskrivinga av ein handelsavtale med EU og seinare sa han ville skrive under ein liknande avtale med Russland.

Klitsjko med hard kritikk av Janukovitsj

Antoprotestlov vedtatt i Ukraina

Flere drept i uro i Kiev

14.–16. februar 2014:

Etter fleire månader med demonstrasjonar mot regimet til president Viktor Janukovitsj blir det inngått ein avtale mellom opposisjonen og regjeringa som skulle får slutt på uroa i landet. 234 arresterte demonstrantar blir sette fri, okkupantane forlèt rådhuset i Kiev, som har vore okkupert sidan 1. desember.

18. februar:

Valdelege samanstøytar i Kiev, og det er uklart kva som utløyste den nye uroa 25.000 demonstrantar krev at Viktor Janukovitsj skal gå av. 18 menneske blir drepne i uroa, blant dei sju politifolk. Fleire hundre blir såra i uroa.

20.–21. februar:

Skyting under massedemonstrasjonen på Sjølvstendeplassen (Maidan) i Kiev. 82 menneske drepne, minst 15 av dei politifolk. Dei fleste er truleg skotne av skarpskyttarar utplasserte på tak rundt plassen.

Demonstranter nekter å gi seg: – Dette er allerede en borgerkrig

22. februar:

Det ukrainske parlamentet vedtek å avsetje Viktor Janukovitsj . Det blir samstundes avgjort å lyse ut presidentval 25. mai. Opposisjonsleiaren Julia Timosjenko blir sett fri frå fengsel . Viktor Janukovitsj flyktar frå Kiev og hamnar etter kvart i Russland.

Maidan 2014 = Moskva 1991

23. februar:

Det ukrainske parlamentet vel Oleksandr Turtsjynov , ein nær medarbeidar av Julia Timosjenko, til president fram til nyvalet på president i mai.

Ny regjering vises frem i ettermiddag

26. februar:

Russland nektar å godkjenne den nye regjeringa og dei nye leiarane i Kiev. Landet set delar av dei væpna styrkane sine i beredskap. Det blir meldt om amper stemning på Krim .

27. februar:

Væpna menn som støttar Russland tek kontrollen over det regionale parlamentet og regionale regjeringsbygningar i Simferopol, der dei riv ned det ukrainske- og heisar det russiske flagget.

Derfor er Krim så viktig

28. februar:

Ukrainske styresmakter skuldar Russland for ein væpna invasjon av Krim.

1. mars:

Regional leiar på Krim ber Russland om hjelp .

Russlands president Vladimir Putin ber overhuset i Dumaen om støtte til å sende militære styrkar til Ukraina. Dumaen gir samrøystes støtte til Putin. Ukraina set dei militære styrkane sine i kampberedskap.

2. mars:

Ukrainas fungerande statsminister Arsenij Jatsjenuk seier at Russland har erklært krig mot landet.

3. mars:

Ukraina skuldar Russland for å ha sendt fleire soldatar til Krim, der ukrainske militærbasar er omringa.

Putin avviser press frå Obama

– Krig er umulig. Ukraina vil ikke begå selvmord

4. mars:

Russlands president Vladimir Putin avviser at Russland har sendt soldatar til Krim, og at det er sjølvforsvarsgrupper som høyrer heime på Krim som har kringsett fleire basar og militærleirar. USAs president Barack Obama seier at det ingen som let seg lure av Russland nekter å betale amerikanske lån .

Russisk soldat

Roleg og spent i gatene i Simferopol.

Foto: Kristian Elster / NRK

5. mars:

Russiske soldatar tek delvis kontroll over to ukrainske rakettbasar. EU varslar ein hjelpepakke til Ukraina på minst 11 milliardar euro. Spesialutsending frå FNs generalsekretær Robert Serry blir regelrett jaga frå Krim av uidentifiserte væpna menn.

NATO varslar utvida samarbeid med Ukraina, samstundes som samarbeidet med Russland blir sterkt redusert.

Samtalar mellom utanriksministrane Sergej Lavrov og John Kerry i Paris.

Uniformerte menn marsjerer på Krim

Er dette russiske soldatar eller er det etniske russarar frå Krim?

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

6. mars:

Det regionale parlamentet på Krim vedtek samrøystes å be Russland om å inkludere Krim i Russland. Dei varslar folkerøysting om spørsmålet alt 16. mars.

USA, EU, NATO og ukrainske styresmakter seier at vedtaket i det regionale parlamentet om å få bli ein del av Russland, er ulovleg.

EU-topper advarer Putin – innfører milde sanksjoner mot Russland

Ukrainsk politi tek igjen kontroll over dei regionale regjeringskontora i byen Donetsk i det austlege Ukraina, dagen etter at pro-russiske væpna demonstrantar tok kontroll over bygningen.

Ei observatørgruppe frå OSSE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) blir hindra i å kome til Krim av væpna menn.

USA innfører visumnekt for russarar og ukrainarar som dei skuldar for å ha destabilisert Ukraina.

Nye samtalar mellom Lavrov og Kerry, denne gong i Roma.

Ukraina har starta prosedyrar for å løyse opp det regionale parlamentet på Krim.

USA og NATO trappar opp det militære nærværet i nabolanda til Ukraina.

w

7. mars

Barack Obama og Vladimir Putin snakkar saman på telefon, utan å kome nærare kvarandre i Ukraina-striden.

SISTE NYTT

Siste nytt