Hopp til innhold

Ukraina fjernar russiske statuar og gatenamn

Statuar og gatenamn som minner om Russland blir endra eller rivne ned i Ukraina. – Det er ikkje noko vennskap med Russland, seier arkitekten bak ein av dei rivne statuane.

Ein mann poserer på hovudet frå den demonterte staturen frå Sovjetunionen i Kyiv, Ukraina.

Som eit svar på Russlands invasjon av Ukraina, har landet demontert ein statue som symboliserte vennskapet mellom nabolanda.

Foto: Salvatore Cavalli / Zuma Press

På tysdag vart ein statue frå Sovjet-tida som symboliserte vennskapet mellom Russland og Ukraina riven ned med ein kraft som halshogde statuen.

Deretter vart den demontert, medan fleire hundre frammøtte menneske applauderte, skriv den britiske avisa The Guardian.

Den 40 år gamle statuen ligg i bydelen Pecherskyi i Kyiv, og viser ein russisk og ein ukrainsk arbeider som held ei stjerne.

Statuen vart riven ned etter ordre frå lokale styresmakter i Kyiv.

Som eit svar på Russlands invasjon av Ukraina, har landet planar om å rive ned statuar og gje nye namn til gater som er assosierte med Sovjetunionen, Russland eller kjente russarar.

– Monumentet som representerte vennskap med Russland er ei synd. Å fjerne den er det einaste riktige å gjere, seier arkitekten bak den halshogde statuen, Serhii Myrhorodskyi (86) til The Guardian.

APTOPIX Russia Ukraine War

Her blir statuen som symboliserer vennskapet mellom Ukraina og Russland demontert i Kyiv.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Vennskapet er over

Sjølv om Myrhorodskyi designa statuen frå 1982, meiner han at bronsen heller kan nyttast til andre ting, som til dømes å lage nye statuar som hyllar Ukraina.

– Det er ikkje noko vennskap med Russland, og det vil ikkje vere noko vennskap så lenge Putin og gjengen hans lever, seier arkitekten frå Kyiv og legg til:

– Når det kjem til mine kjensler, er eg glad for å sjå at folk er nøgde med at heile greia blir fjerna.

Ordføraren i Kyiv leia demonteringa av statuen og sa at fjerninga av russiske symbol frå byen no er i gang, skriv The Guardian.

Ordføreren i Kyiv Vitalij Klitsjko på demonteringa av statue som symboliserer vennskap mellom Ukraina og Russland.

Ordføraren i Kyiv Vitalij Klitsjko snakka til pressen under demonteringa av statuen i Kyiv.

Foto: GENYA SAVILOV / AFP

– Du drep ikkje broren din. Du valdtek ikkje søstera di. Du øydelegg ikkje landet til vennen din. Derfor har vi i dag demontert dette monumentet som ein gong vart oppretta som eit teikn på vennskap mellom Russland og Ukraina, skriv Klitsjko på Twitter.

Styresmaktene i Kyiv jobbar med ei lov som skal endre namna på 60 gater i byen.

Fjerna minnemonument

– Dette er ein prosess ukrainarane har halde på med lenge, minner Arve Hansen i Den norske helsingsforkomiteen om.

– Dei tok ned ei rekkje statuar av Lenin, som har stått for store overgrep i landet. Ein har òg fjerna monument til minne om den kommunistiske fortida.

Då Russland annekterte Krim og gav støtte til separatistrørsler i Donbas, starta det ein debatt om ytterlegare endringar.

– No tek dei ned nokre av dei mest symbolske statuane. Monumentet til folket sitt vennskap har vore diskutert lenge. Under ein slags vennskapsboge står ein ukrainar og ein russar som held oppe Sovjetunionens riksvåpen. Det blir rart å ha i sentrum av Kyiv etter det Russland har gjort i Donbas.

Bue over vennskapsmonument i Kyiv

Bua over den demonterte statuen blir ståande, men skal fargast i gult og blått.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

– Vekkjer kjensler

Derfor vart dei først samde om å teikne på ein sprekk på bogen, fortel Hansen.

No er statuen demontert. Buen blir ståande, men skal ifølgje Hansen fargast i gult og blått.

– Det viser russarane at vennskapet er uoppretteleg.

– Fjerning av statuar og endring av gatenamn, har det eigentleg noka betydning?

– Absolutt. Når vi bevegar oss i eit byrom, så påverkar det oss. Vi får assosiasjonar. Det vekkjer kjensler. Når vi til dømes ser eit monument til ein krigshelt, så blir vi minna på kva det betyr.

Arve Hansen

Arve Hansen er medarbeidar i Den norske Helsingforskomiteen.

Foto: Den norske Helsingforskomité

Boris Johnson Street

Andre stadar i Ukraina har dei også starta arbeidet med å endre gatenamn.

Fontanka, ein tettstad nær byen Odesa, bestemte seg førre veke for å endre ei gate kalla opp etter den russiske poeten Vladimir Majakovskij.

Den skal no heite Boris Johnson Street, skriv den britiske nettstaden Independent.

Kommunestyret skal ha sagt at dei har «nye heltar», og skildrar Johnson som ein stor motstandar av den russiske invasjonen.

– Han er ein leiar av sanksjonar mot Russland og forsvarsstøtte til Ukraina, uttalte kommunestyret ifølgje nettstaden.

Storbrtiannias statsminister Boris Johnson og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Storbritannias statsminister Boris Johnson og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj då Johnson var på besøk i Ukraina i byrjinga av april.

Foto: AP

Russland gjer det motsette

Medan Ukraina river ned statuar som har russiske assosiasjonar, gjer Russland det motsette.

Ifølgje CNN skal ein statue av den tidlegare sovjetiske leiaren Vladimir Lenin ha dukka opp att i den russisk okkuperte byen Henichesk, i Kherson-provinsen.

Det viser bilete lagt ut på sosiale medium for to veker sidan, som CNN skriv at dei har verifisert og faktasjekka.

Statuen vart riven ned for sju år sidan av lokale styresmakter som ein del av arbeidet med å fjerne symbol på kommunismen, skriv nettstaden.

SISTE NYTT

Siste nytt