Hopp til innhold

Skular over heile Ukraina stenger i frykt for årsdag-offensiv

Familiar med barn i skulealder blir bedne om å ha heimeundervisning ut veka. Styresmaktene fryktar russiske angrep på sivile område.

Fredag er det akkurat eitt år sidan Russland invaderte Ukraina.

Heilt sidan denne dagen, 24. februar i fjor, har mange ukrainske elevar fått gå på skulen så lenge det finst bygg med straumtilførsel å halde timane i.

Men denne veka er ikkje som dei andre. Styresmaktene fryktar at Russland vil trappe opp offensiven for å markere årsdagen for invasjonen.

Lærarar og foreldre i Ukraina har derfor fått beskjed om å halde barna heime, frå i morgon til og med fredag.

Til då får berre skular med fungerande bomberom som lov til å halde ope, etter råd frå utdanningsdepartementet i landet.

-

Nokre skular i Ukraina har måtta improvisere. Her har ein ukrainsk lærar invitert skuleklassa til si eiga stue.

Foto: ANATOLII STEPANOV / AFP

Dette er for å «bevare liv og helse til alle som deltek i utdanninga, av sikkerheits skuld før årsmarkeringa», skriv departementet i eit utsegn på Telegram.

Hundrevis av skular har til no blitt øydelagde som følge av Russland sin invasjonskrig i Ukraina, melder nyheitsbyrået Reuters.

Starten av året har vore prega av trugselen for ein russisk storoffensiv, når soldatane som er mobiliserte omsider er sende til slagmarka. Denne har ikkje starta enno.

FN: Store sivile tap

Fleire enn 8000 sivile har blitt drepne sidan Russland invaderte Ukraina i fjor seier FN sitt menneskerettskontor tysdag.

Omtrent 90 prosent av desse blei drepne av eksplosive våpen, seier dei vidare, og baserer informasjonen på fleire dusin kjelder i landet.

Talet viser ei vesentleg auke sidan det siste som var meldt, for litt over ei veke sidan. Då melde kontoret om 7199 drepne sivile.

Russia Ukraine War Biden

Ivan (11) går gjennom skulen sin i Chernihiv, som blei bomba sund av russarane i mars.

Foto: Emilio Morenatti / AP

– Tala som vi publiserer i dag viser tapet og lidinga folk har blitt utsette for sidan Russland starta si væpna konflikt, seier FN sin høgkommisær for menneskerettar, Volker Türk.

– Våre data er berre toppen av isberget. Byrda som dei sivile ber er uuthaldeleg.

Türk seier at nesten 18 millionar menneske har eit desperat behov for humanitær hjelp, og 14 millionar har måtta flykta frå heimane sine.

– Dei aller yngste til dei aller eldste har blitt råka. Elevar si utdanning har blitt sett på pause eller forstyrra av angrep på læringsinstitusjonar, medan eldre menneske og menneske med funksjonsnedsettingar har blitt møtt med enorme utfordringar, la han til.

Dei fleste av dei som held til i områda nær frontlinja er dei gamle, som ofte er motvillige eller ikkje i stand til å forlate farlege stader, slår menneskerettskontoret fast.

-

Eit bomba klasserom i Izium, måndag 20. februar. Ifølge FN blei dei aller fleste sivile som har døydd under krigen drepne av eksplosiv.

Foto: SERGEY BOBOK / AFP

Skildrar angrep på bustader og buss-stasjon

Ein militærleiar i sørlege Ukraina seier seks menneske er drepne og 12 skada av russiske angrep i byen Kherson.

– Under den blodige diktatoren sin tale blei fredelege borgarar i Kherson skada og drepne midt på gata, i heimane sine og på jobb, sa talsperson Vladislav Nazarov, og viste til Vladimir Putin sine utsegn tysdag føremiddag.

Også den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj, har kommentert angrepet.

Russia Ukraine War

Fleire sivile skal ha blitt drepne under eit russisk angrep mot ein buss-stasjon i Kherson tysdag.

Foto: Nina Lyashonok / AP

– Det russiske militæret skyt kraftig i Kherson. Igjen drep dei nådelaust dei sivile innbyggarane, sa han.

– Ein parkeringsplass, bustadområde, ei blokk og offentleg transport er treft.

Det er bilete av drepne personar og store skadar fleire stader i Kherson, men dei nøyaktige detaljane kring angrepa er ikkje bekrefta frå uavhengig hald.

Russland har tidlegare nekta for å angripe sivile mål i Ukraina, og presidenten sa i talen sin i dag at dei «ikkje er i krig med det ukrainske folket».

Både Nato-sjefen og amerikansk president Joe Biden har kome med sterk kritikk mot Putin, som i dag gav Vesten ansvaret for angrepskrigen i Ukraina.

SISTE NYTT

Siste nytt