Hopp til innhold

Ukraina-avtalen: – Dei neste timane avgjerande

– Vi må ikkje ta gledene på forskot. Dei neste timane blir avgjerande, seier Angela Merkel og François Hollande om fredsavtalen for Ukraina.

President François Hollande på veg inn til EU-toppmøte i Brussel.

President François Hollande på veg inn til EU-toppmøte i Brussel.

Foto: ERIC VIDAL / Reuters

Den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel og presidenten i Frankrike, François Hollande kom direkte frå forhandlingane i Minsk til EU-toppmøtet i Brussel torsdag ettermiddag.

Merkel og Hollande meiner fredsavtalen er eit steg i riktig retning, men dei åtvarar mot å glede seg for tidleg.

– Ingen garanti for suksess

– Alt kan endre seg, frå eitt minutt til det neste. Dei neste timane vil bli avgjerande, sa president Hollande på veg inn til møtet.

Hollande understreka at både landa som signerte avtalen, og dei som hjelpte til med å få han på plass, har eit ansvar for å følgje opp.

– Det vil framleis vere nødvendig å presse på for at det skal bli fred i Ukraina, sa Hollande, og la til:

– Avtalen garanterer ikkje suksess.

Krav om handling

Også Angela Merkel var forsiktig i kommentarane sine.

– Det er skapt eit håp, verken meir eller mindre. Det viktige er at det no blir følgt opp med handling, sa ho.

Statsministeren i Storbritannia, David Cameron kom med ei påminning til den russiske presidenten, Vladimir Putin.

– Putin må vite at straffetiltaka frå EU ikkje vil bli oppheva dersom han ikkje oppfører seg på ein annan måte, sa Cameron då han kom til møtet i Brussel.

– Det som tel mest av alt, er det vi ser i praksis, la han til.

Våpenkvila skal gjelde frå midnatt natt til søndag.

– Håp er bra, men ikkje nok

Møtet for stats- og regjeringssjefane i EU er blitt sterkt forseinka fordi Hollande og Merkel deltok på forhandlingane i Minsk.

– Avtalen gjev oss grunn til å håpe. Håp er bra, men ikkje nok, understreka EU-president Donald Tusk før han opna møtet i Brussel.

Presidenten i Litauen, Dalia Grybauskaite kallar avtalen ei delløysing. Ho er redd at spørsmålet som gjeld grensa mellom Ukraina og Russland ikkje blir løyst gjennom avtalen, og at Russland dermed skal halde fram med å sende både soldatar og våpen til dei russiskvennlege utbrytarane i Aust-Ukraina.

Stats- og regjeringssjefane har invitert presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, til å delta på møtet i Brussel for å orientere om situasjonen i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt