Det minte om sterke nasjonalkjensler ute av kontroll, men var nok simpelt hærverk og ukontrollert vald. Det var rampen som nytta høvet da politikarane ønskte å markere eit standpunkt.
Kosovo er meir enn geografi for serberane. Kosovo er eit serbisk kjerneområde av stor symbolsk betydning.
Serberane fører gjerne nasjonen sin tilbake til slaget mot det ottomanske riket på Kosovosletta i 1389, og området er stint av serbiske kyrkjer og praktfulle kloster.
Derfor er serberane så bitre over at omverda let kosovoalbanarane få rive til seg dette stykket av fedrelandet. Derfor samla 200.000 menneske seg til fredeleg massedemonstrasjon i Beograd torsdag. Noen få ødela.
Ser mot EU
Det skjer neppe igjen. Også Serbia har augene retta mot EU og vil ikkje la pøbelen stå i vegen for det viktigaste politiske målet.
Kosovo er nå sjølvstendig i namnet, men i praksis eit EU-protektorat.
Ironien er at Kosovo truleg ville ha fått større uavhengigheit og meir sjølvstyre som del av Serbia enn det kjem til å ha under EU dei næraste åra.
2000 EU-tilsette og ein NATOstyrke på 17.000 soldatar vil styre den nye nasjonen i mange år framover.
Russland kallar den vestlege anerkjenninga av Kosovo både umoralsk og ulovleg, og seier at separatistbølgja nå vil rulle over kloden og bryte ned den internasjonale orden.
Russland meiner også at Vesten har svike avtalen som blei gjort da Slobodan Milosevic blei fjerna, nemleg at NATO-okkupasjonen av Kosovo ikkje skulle føre til deling av Serbia.
Russland vil hindre Kosovo i å bli medlem av FN. Serbia vil hindre landet i å kome inn i OSSE og Europarådet.
Fryktar smitteeffekt
Men det går an å vere stat utan slike medlemskap. Taiwan er heller ikkje medlem av FN. Det var neppe tilfeldig at Taiwan var eitt av dei første landa som anerkjente Kosovo denne veka.
Russlands frykt blei illustrert ved at også den såkalla utanriksministeren i Tsjetsjenia var raskt ute og støtta erklæringa frå Kosovo.
Nå fryktar mange land smitteeffekten, og er redde for at separatistar andre stader i verda har fått både inspirasjon og argumentasjon.
Så kven blir den neste til å erklære seg uavhengig - og vente at det internasjonale samfunnet støttar dei: Tyrkarane på Kypros? Baskarane i Spania? Tamilane på Sri Lanka? Tibet? Eller den serbiske republikken i Bosnia?
Her ligg forklaringa på at heller ikkje alle land innanfor EU vil anerkjenne Kosovo.
Kvardag med fattigdom
Nå har fyrverkeriet slokna i Pristina og kvardagen begynt i eitt av dei fattigaste landa i Europa.
Annankvart menneske der er utan arbeid og lever under fattigdomsgrensa på 12 kroner dagen. Importen er 20 gonger større enn eksporten. Kosovo manglar nesten alt og har knapt noe å selje.
Det nye flagget til Kosovo har umiskjenneleg EU-preg med sine stjerner og gule og blå fargar. Det ligg eit håp i det, håp om at EUs prosjekt skal bringe Kosovo inn i den store varmen.
EU har aldri forsøkt noe liknande før. Eit nytt land skal byggast og klargjørast for fullt EU-medlemskap. Og det skal skje til sterkt ubehag for andre EU-land, utan FNs stempel og med fare for alvorlege internasjonale konsekvensar.
Må ha langt perspektiv
EU må garantere tryggleiken og skape stabilitet og fred mellom folkegruppene i den nye nasjonen. Får vi ein ny serbisk flyktningstraum ut av landet, har EU mislyktest.
I tillegg skal landet reisast økonomisk, korrupsjon og bandittvelde nedkjempast, utanlandsk kapital bli freista - og alle draumane folket har til nasjonalt sjølvstende, oppfyllast.
Det er klokt av EU å ha eit langt perpektiv i Kosovo.