Hopp til innhold

Uklart om IS-leiar vart drepen i droneangrep

Den sentrale IS-leiaren Abu Omar al-Shishani var målet for eit amerikansk droneangrep i Syria sist fredag. Amerikanske styresmakter veit ikkje om han vart drepen i angrepet, melder CNN.

Omar al-Shishani

IS-leiaren Abu Omar al-Shishani var målet for eit amerikansk droneangrep i Syria sist fredag.

Foto: Ap

Al-Shishani er ein av dei nærmaste medarbeidarane til IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi. Han er rekna for å vere ein uvanleg dyktig militær strateg , og han skal ha vore i den inste kretsen til IS-leiaren i fleire år.

Abu Bakr al-Baghdadi er leder for terrorgruppen Den islamske stat

Abu Bakr al-Baghdadi er truleg den øvste leiaren i IS. Al-Shishrani er ein av dei nærmaste medarbeidarane hans.

Foto: Uncredited / Ap

Ein amerikansk tenestemann seier til CNN at Shishani kan ha vorte drepen i angrepet, men at dei ikkje kan stadfeste det. Angrepet skjedde like ved byen al-Shadadi.

Fødd i Georgia

Shishani er fødd i Georgia i det tidlegare Sovjetunionen i 1986, og er altså ikkje meir enn 30 år. Han er ein av fire IS-leiarar som amerikanske styresmakter har sett ein pris på. Fem millionar dollar, eller vel 40 millionar norske kroner, er prisen på hovudet hans .

Abu Omar al-Shishani er krigarnamnet hans, fødenamnet er Tarkhan Tayumurazovich
Batirashvili. Han skal den siste tida ha vore leiar for eit fengsel utanfor Raqqa i Syria, eit fengsel der mange utanlandske gislar blir haldne.

Tsjetsjenia

Han går også under kallenamnet «Omar tsjetsjenaren», noko som truleg har årsaka si i at han har vore med i tsjetsjenske ekstremistgrupper før han reiste til Irak og Syria.

Han har ein europeisk utsjånad og det fremste kjennemerket hans er det lange, raudlege skjegget.

Saka blir oppdatert

ISIL skal ha kapret store mengder amerikansk-produserte våpen

syria IS

SISTE NYTT

Siste nytt