– Saka er framleis til vurdering, opplyser kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter ved Statsministerens kontor til NRK.
Russisk UD sende i dag ut ei pressemelding der Noreg er nemnt blant land som har takka ja til å delta i feiringa, men det er ikkje spesifisert kven som skal representere Noreg. 26 land har takka ja til å delta, heiter det i meldinga.
Kim Jung-un tek del
Blant dei som har takka ja til å delta er blant andre Nord-Koreas leiar Kim Jung-un, Cubas president Raúl Castro, Kinas president Xi Jinping, pluss presidentane i India, Sør-Afrika, Vietnam og Mongolia.
Det heiter også i meldinga at ein del land har sagt at dei vil delta, men at det førebels er uklart kva nivå representasjonen blir på. Noreg er nemnt i denne gruppa saman med land som Tsjekkia, Slovakia, Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina, Island, Makedonia, Montenegro og Serbia.
Av meldinga frå Lavrov går det også fram at Tysklands forbrundskanslar Angela Merkel skal delta, men ho kjem truleg ikkje til Moskva før dagen etter sjølve sigersparaden.
Stor militærparade
Militære avdelingar frå fleire land vil ta del i paraden gjennom sentrum av Moskva, blant andre frå India, Mongolia, Kina og truleg Serbia. Mot slutten av paraden vil utanlandske gjestar leggje ned kransar ved monumentet ved Den ukjende soldats grav.
Veteranar frå 23 land skal delta i paraden, heiter det i meldinga frå Lavrov.
Kommunikasjonsrådgivar Veslemøy Lothe Salvesen seier til NRK at det ikkje er avgjort om Noreg skal delta under fredsmarkeringa i Moskva 9. mai. Saka er framleis under behandling, seier ho.
Forholdet mellom Russland og vestlege land har ikkje vore dårlegare sidan den kalde krigen på grunn av krisa i Ukraina. Fleire land, blant andre Storbritannia og USA, har gjort det klart at dei ikkje vil delta med sine politiske toppleiarar.