Hopp til innhold

Utskjelt norsk gran overraska i New York

Kritikken har hagla mot juletreet ved Rockefeller Center i New York. Men så dukka det opp ei lita ugle mellom greinene.

LnCmHPlBgEo

Ugla i juletreet ved Rockefeller Center har, ikkje overraskande, fått namnet Rockefeller.

Foto: RAVENSBEARD WILDLIFE CENTER / Reuters

«Alle» i New York (og mange andre) har ei meining om det som blir kalla det mest kjende juletreet i verda. Slik er det alltid. Det er sterke meldingar i aviser og sosiale medium.

Men plutseleg blei det noko positivt og hyggeleg å snakke om. I år hadde treet nemleg ei hyggeleg overrasking å by på, godt skjult blant det som mange meiner er eit lite tiltalande ytre.

ZnJW6UlFTx8

Juletreet var på plass ved Rockefeller Center 14. november.

Foto: Cindy Ord / AFP

Ugla har gitt treet positiv omtale i fleng.

– Det styggaste treet

Årets juletre ved Rockefeller Center er 23 meter høgt. Treet - av typen norsk gran - blei frakta til Manhattan frå Oneonta i staten New York, der det blei hogge, sist laurdag.

Kritikken let ikkje vente på seg. Det er, forsiktig sagt, tynt med granbar lengst nede på treet. Nokre meiner at treet er det styggaste som nokon gong har vore sett opp ved Rockefeller Center. Andre ser det som eit symbol på 2020 - rett og slett trist.

Laster Twitter-innhold

Dehydrert ugle i granbaret

Det var ein tilsett i transportfirmaet som fann ugla. Kona hans melde frå til Ravensbeard Wildlife Center i New York.

SEI_LYao8FM

Rockefeller - ei hyggeleg overrasking i treet ved Rockefeller Center.

Foto: RAVENSBEARD WILDLIFE CENTER / Reuters

– Ugla blei funnen langt inne mellom svære greiner, dehydrert og svolten, men var elles i fin form, fortel Ellen Kalish, som er direktør ved senteret.

Kalish seier at det er snakk om ei hannugle av typen slipeugle (aegolius acadicus), ein av dei minste ugleartane. Ugla var til sjekk hos veterinær onsdag, og blir no tatt vare på av Ravensbeard Wildlife Center.

P4lDsYPq16U

Slipeugla Rockefeller har vekt åtgaum i New York.

Foto: RAVENSBEARD WILDLIFE CENTER / Reuters

Tilbake til sitt rette element

– Ho får så mykje mus som ho berre vil. Eg synest dette er så hyggeleg, - at det var ein løyndom inne i juletreet, seier Kalish til New York Post.

Planen er å sleppe fuglen tilbake til sitt rette element i løpet av helga.

Laster Twitter-innhold

Ved Rockefeller Center blir treet no klargjort og pynta, og så blir lysa tende tidleg i desember. Utan ugla.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt