Brende opplyser at Noreg, som ein del av troikaen som jobbar ekstra tett opp mot Sør-Sudan, har nær kontakt med representantar for partane.
– Det er særs viktig at leiarane tek ansvar for å
. Dei må leggje ned våpena og rette innsatsen mot å skape stabilitet og tryggleik for innbyggjarane i landet. Til lenger kamphandlingane held fram, til vanskelegare blir det å stanse dette. Vi må i det lengste prøve å unngå at landet blir kasta ut i ein ny krig, seier Brende til NRK.– Regionalt ansvar
Utanriksminister Børge Brende (H) fortel at norske styresmakter har nær kontakt med begge partar i Sør-Sudan.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix– Det er viktig at regionen sjølv tek ansvar og det er bra at toppleiaren i den regionale samarbeidsorganisasjonen IGAD har teke initiativ til eit møte tysdag. Det er viktig å unngå ei eskalering av situasjonen, legg han til.
Brende opplyser at Noreg vil halde fram engasjementet for å hjelpe dei sivile med humanitær bistand.
Utanriksdepartementet opplyser at dei følgjer situasjonen tett og har dialog med fleire aktørar både i regionen og på huset.
Kommunikasjonsrådgjevar Ane Haavardsdatter Lunde i UD opplyser at dei har flytta dei norske tilsette ved ambassaden i Juba inntil vidare. Dei vil ikkje gå ut med detaljert informasjon om dette no, på grunn av tryggingssituasjonen i byen.
Uendra reiseråd
Det er djup mistillit mellom visepresident Riek Machar (t.v.) og president Salva Kiir.
Foto: Samir Bo / ApUD har ikkje endra reiserådet til Sør-Sudan på grunn av den siste krisa. Det offisielle reiserådet for landet har frå desember 2013 vore å ikkje å reise til eller opphalde seg i landet. Her blir også norske borgarar bedne om å reise frå landet.
– Vi oppfordrar likevel nordmenn som har reist til Sør-Sudan om å følgje tryggingsopplegget til arbeidsgivarane sine, og elles halde seg i ro medan kamphandlingane går føre seg. UD medverkar elles med informasjon den grad det er mogleg, seier ho til NRK.
Noregs tidlegare spesialutsending til Sør-Sudan, Jens Petter Kjemperud, sette seg i ettermiddag på flyet til Sør-Sudan. Han skal prøve å få partane til å snakke samen.
Fredsavtale
– I og med at det ligg ein fredsavtale i botnen, så er håpet å få dei tilbake til ein samarbeidsrelasjon og å implementere fredsavtalen. Det er einaste måten å kome ut av dette på, seier Kjemperud til NRK før avreise.
Han seier at årsaka til den nye oppblussinga av kamphandlingar er ein grunnleggjande mangel på tillit mellom partane, og dei eigentleg ikkje var klare for fredsavtalen som dei vart samde om i august i fjor.
– Etter at visepresident Riek Machar kom tilbake til Juba i april, så har dei ikkje greidd å skape den naudsynte tilliten til kvarandre, legg Kjemperud til.