Hopp til innhold

UD-utsending heim frå Kongo

Den norske utsendingen til Kongo reiste i dag frå landet, men han blir erstatta av to nye diplomatar.

Christian Larssen har vore norsk utsending i Kisangani.

Christian Larsen reiser heim frå Kisangani.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Christian Larssen har halde tett kontakt med dei to arresterte nordmennene i den kongolesiske byen Kisangani.

No får ikkje Larsen med seg domsavseiinga, som truleg finn stad førstkomande ein gong mellom torsdag denne veka og onsdag komande veke.

Tryggleik

NRKs Afrika-korrespondent Dag Bredevei snakka med UD-utsendingen like før Larssen sette seg på flyet ut av landet. Han ville sjølv ikkje stadfeste at det er frykt for tryggleiken hans, som er årsaka.

Men Larssen har vore sterkt profilert i Kongo, etter at han fleire gonger har besøkt Joshua French og Tjostolv Moland i fengselet. Han har også vore til stades i retten.

Etter at aktor i saka skulda den norske staten for å vere innblanda i spionasje mot Kongo, kan det ha vorte gjort ei vurdering av at situasjonen kan vere farleg for Larssen, seier Bredevei.

Intenst

Christian Larssen seier til NRK at det kan bli meir "intenst" no når forsvararen skal til med sin prosedyre, men han vil likevel ikkje seie at det er tryggingsårsaker til at han han reiser heim.

- Det er sjølvsagt leit å ikkje få med seg domsavseiinga, men det kjennest rett å reise heim no, seier han i intervjuet med NRK.

Underdirektør Raagnhild Imerslund i UD avviser at Christian Larssen er kalla heim av tryggingsårsaker. Årsaka er at han har vore der lenge, og at han skal byrje i ein ny jobb.

Ho fortel at han blir avløyst av Fred Rasmussen frå den norske ambassaden i Luanda i Angola og hans kollega Lars Ekman ved same stasjonen. Rasmussen er alt på plass i Kongo, medan Ekman kjem dit i løpet av tysdag.

LES OGSÅ: Slik skal Moland og French frifinnes

LES OGSÅ: Dommen kan allerede være skrevet

LES OGSÅ: - Kommer til Kongo for å plyndre

SISTE NYTT

Siste nytt