NRK Meny
Normal

– Må samarbeida med Russland der me kan

Statssekretær Tore Hattrem gjorde det klart at Noreg ikkje støttar russisk innblanding i Ukraina under dagens oppsiktsvekkjande møte med den russiske viseutanriksministeren. – Det er likevel viktig at me samarbeider der me kan, seier Hattrem til NRK.

Statssekretær Tore Hettrem om russiske samtaler

Norske styresmakter la under dagens samtalar med Russland ikkje skjul på at dei meiner russisk framferd i Ukraina er uakseptabel, fortel statssekretær Tore Hattrem i Utanriksdepartementet.

brende titov

Den russiske viseutanriksministeren Vladimir Titov (t.h.), her saman med den norske utanriksministeren Børge Brende i samband med eit møte i Barentsrådet i 2013.

Foto: Bjørnbakk, Jan-Morten / NTB scanpix

Statssekretær Tore Hattrem (H) i Utanriksdepartementet har i dag hatt samtalar med sin russiske kollega Vladimir Titov, ein av dei aller nærmaste medarbeidarane til den russiske utanriksministeren.

Møtet vekkjer oppsikt, fordi det har vore ein isfront mellom landa det siste halvanna året, etter at norske styresmakter fordømde den russiske innblandinga i Ukraina.

Hattrem avviser likvel at dagens møte er uvanleg.

– Me hadde i dag heilt ordinære og heilt regulære bilaterale konstellasjonar med Russland. Det er ikkje noko nytt eller oppsiktsvekkande med det. Dette har me hatt med Russland over lengre tid, seier statssekretæren.

Erna med ny kritikk av russisk invasjon

Statsminister Erna Solberg talar på Nato-samling i Stavanger

– Russland sin aggresjon og brot på internasjonal lov i Ukraina er uakseptabelt, sa statsminister Erna Solberg under Nato si samling i Stavanger måndag.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Både nordområda, grensepolitikk, Ukraina og situasjonen i Syria var oppe til diskusjon.

Er forholdet mellom Noreg og Russland i ferd med å bli betre?

– Når det gjeld Ukraina er norsk politikk uendra. Det er knytt til brot på internasjonal rett, anneksjonen av krim og destabiliseringa i Ukraina. Vårt syn blei gjort klar også under dagens møte.

Hattrem meiner likevel at det er viktig å ha ein dialog med Russland for å kunna verna om nasjonale interesser, særleg i spørsmål som gjeld nordområda og Arktis.

– Russland og Noreg har felles interesser på vesentlege område som grensespørsmål, fiskerispørsmål, atomtryggleik, miljø og så vidare. Det er viktig at me samarbeider der me kan samarbeida.

– Ein venleg atmosfære

Statssekretæren kallar samtalane konstruktive og at det var ein «venleg atmosfære» under møtet.

Samstundes kjem statsminister Erna Solberg i dag med nye sterkt kritisk utsegn til russisk framferd i Ukraina.

– Russland sin aggresjon og brot på internasjonal lov i Ukraina er uakseptabelt. Landet har teke væpna konflikt tilbake til det europeiske kontinentet. Russland har auka den militære kapasiteten sin og landet viser at det er villig til å oppnå strategiske mål med militærmakt, sa Solberg i ein tale til Nato si parlamentarikar-samling i Stavanger.

Noreg vil oppfordra oppfordra styresmaktene i Nato-landa til ei ytterlegare innstramming av sanksjonane mot Russland som følgje av innblandinga i Ukraina, opplyser leiaren for Noreg sin delegasjon på møtet i Stavanger, Øyvind Halleraker (H) til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt