Hopp til innhold

UD fryktar oljekrisa kan skape meir uro i Angola

Fellesrådet for Afrika meiner Noreg er for tause om det dei meiner er ein forverra situasjon for folk i Angola. Regjeringa svarer at dei deler uroa, og meiner dei låge oljeprisane kan gjere vondt endå verre.

ANGOLA-VIOLENCE/ Destoyed huts are seen in Mount Sumi, Angola

Ein liten landsby i Sumifjellet er øydelagd etter ein konfrontasjon mellom angolansk politi og ei religiøs sekt i landsbyen. Kva som eksakt skjedde og kor mange som døde er det sterke usemje om. Denne hendinga, og fleire andre hendingar den siste tida, har fått Fellesrådet for Afrika til å krevje handling frå den norske regjeringa. Angola er ein av Noregs viktigaste handelspartnarar i Afrika.

Foto: STRINGER / Reuters

Den norske regjeringa kallar Angola for Noregs viktigaste handelspartnar i Afrika. Landet er rik på olje, og banda til Noreg har av den grunn vore tette.

Kjendisjournalist arrestert

Men landet har også blitt utsett for gjentakande kritikk for brot på menneskerettane, og dei siste vekene har det funne stad fleire hendingar som har fått fleire organisasjonar til å rope varsku.

Mellom anna er den regimekritiske journalisten Rafael Marques stilt for retten, og det går rykte om ein mogleg massakre etter at fleire hundre medlem av ein kyrkjelyd er sakna etter ein konfrontasjon med angolansk politi i april.

I tillegg vart 13 ungdommar, blant dei ein populær rappar, arresterte då dei var samla for å lese ei bok om «Den arabiske våren».

– Børge Brende kan vanskeleg meine at menneskerettar er ein prioritet på Noregs utanrikspolitiske agenda og samstundes halde fram med å vere stille om den urovekkande utviklinga i Angola, seier Johan Hermstad, påtroppande dagleg leiar i Fellesrådet for Afrika.

UD: – Mange utfordringar

Hermstad viser til ein rapport som Fellesrådet for Afrika har utvikla saman med Christian Michelsens Institutt. Der er anbefalingane at norske styresmakter må bli tydelegare overfor Angola.

Og i utanriksdepartementet er dei også urolege.

– Det er mange utfordringar når det gjeld menneskerettar, slik som stor ulikskap i folks tilgang til økonomiske- og sosiale rettar. Det er avgrensa rom for kritisk engasjement og alternative ytringar, seier statssekretær Hans Brattskar.

Han understrekar samstundes at Angola har slutta seg til ei rekkje internasjonale menneskerettskonvensjonar og er opptekne av å bygge sitt internasjonale omdømme.

Fryktar forverring på grunn av oljeprisen

Ifølgje Brattskar følger Noreg nøye med på utviklinga, og dei har jamleg kontakt med både styresmakter og det sivile samfunn i Angola. Men Brattskar ytrar også uro for kva som kan skje om oljeprisane held fram med å vere låge.

TOPSHOTS-ANGOLA-VOTE-POVERTY

Sjølv om Angola har store olje- og gassressursar, så bur heile 38 prosent av folket i fattigdom, ifølgje Unicef. Her frå Boa Vista-slummen i utkanten av hovudstaden Luanda.

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / Afp

– Angolas økonomi, som er heilt avhengig av inntektene frå oljeproduksjonen, er i krise på grunn av dei relativt låge oljeprisane. Om me ikkje ser betringar i landets økonomi vil det vere auka fare for nye politiske spenningar i tida fram mot neste val i 2017, seier Brattskar.

Sjølv om president Jose Eduardo dos Santos og hans dotter Isabel stadig figurerer høgt opp på listene over Afrikas rikaste, så har Angola vore nøydde til å kutte i helsebudsjetta, som var små nok frå før av.

Også dette uroar Brattskar som fryktar at situasjonen i landet kan bli endå meir spent fram mot neste val i 2017, om ikkje den økonomiske situasjonen vert betre.

SISTE NYTT

Siste nytt