NRK Meny
Normal

UD avviser isfront i diamantmøte

Hissig munnhoggeri og isfront blei ifølgje afrikanske aviser resultatet då norsk UD nyleg diskuterte diamantsal og menneskerettar med Zimbabwe. Berre litt forvirring, seier UD.

Diamant-utvinning i Zimbabwe

Det oppstod full forvirring då ein delegasjon frå norsk UD reiste til Zimbabwe for å få informasjon om menneskerettane i diamantindustrien. Zimbabwiske styresmakter trudde nordmennene ville kjøpa seg inn i den kontroversielle diamantindustrien.

Foto: TSVANGIRAYI MUKWAZHI / AP

Statssekretær i UD, Ingrid Fiskaa (SV)

Statssekretær i UD, Ingrid Fiskaa (SV).

Foto: LUIS GALDAMEZ / Reuters

Ein norsk delegasjon frå Utanriksdepartementet (UD) var førre veke i Zimbabwe for å få meir kunnskap om den politiske situasjonen, menneskerettane sin status og om utviklinga i diamantindustrien i landet.

Som ein del av opplegget var delegasjonen, med statssekretær Ingrid Fiskaa (SV) i spissen, sist onsdag i møte med politiske representantar frå gruvedepartementet i Zimbabwe.

Då Fiskaa spurte og grov for djupt om stoda i den omstridde diamantgruveindustrien i Zimbabwe, tende statssekretæren frå det zimbabwiske gruvedepartementet på alle pluggar, ifølgje nyheitsbyrået World News Connection som siterer den statskontrollerte avisa Herald.

– Eg veit at du er statssekretær, men kva gruppe er det du eigentleg representerer? Kva er dine intensjonar? skreik statssekretær Thankful Musukutwa til Fiskaa, ifølgje WNC.

– Kraftig overdrive

Informasjonssjef i UD, Trine Jøranli Eskedal, var på møtet saman med Fiskaa. Ho kjenner seg ikkje att i skildringa som vert gjeven av journalistane i Zimbabwe.

– Dette er kraftig overdrive, så dramatisk var det absolutt ikkje. Det var ingen som skreik eller blei uvener, ler ho.

Eskedal vedgår likevel at møtet ikkje blei heilt som planlagd.

Trudde UD var på diamanthandel

Musukutwa frå det zimbabwiske gruvedepartementet hadde nemleg misforstått intensjonane til den norske delegasjonen, og trudde Fiskaa & co. var interesserte i å investera i den omstridde diamantindustrien i Zimbabwe.

Ifølgje Herald var Fiskaa ikkje villig til gjera rede for kva som faktisk var føremålet med visitten til den norske delegasjonen. Eskedal i UD avviser dette, og seier dei absolutt ikkje har hatt ein skjult agenda.

– Me gjorde det klinkande klart frå starten av møtet at me var der for å få oppdateringar om Zimbabwe sin sanksjonspolitikk i samband med diamantutvinning. Eg veit ikkje kvifor journalistane som var tilstades under møtet er av ei anna oppfatning.

Ny eksport av «bloddiamantar»

Ein ulovleg diamanthandlar i Zimbabwe

Ein ulovleg diamanthandlar viser fram varene sine.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Zimbabwe vart i november i fjor svartelista av den såkalla Kimberley-prosessen, eit internasjonalt initiativ mot handelen med diamantar frå konfliktområde.

Menneskerettsgrupper og fleire vestlege land har skulda regjeringssoldatane for mishandling, barnearbeid og slavedrift på Marange-feltet, som bugnar av dei ettertrakta steinane.

I juli i år blei forbodet mot zimbabwisk diamanteksport oppheva av Kimberley-prosessen, som meinte landet oppfylte dei minimumskrava som er sett for å kunne eksportera diamantar.

– Fiendtlege land

Då statssekretær Fiskaa møtte Musukutwa i gruvedepartementet førre onsdag, var han lite villig til å svara på spørsmål relatert til menneskerettar i industrien.

– Me oppfyller krava i Kimberly-prosessen, og veit at me ikkje har bloddiamantar i omløp. Fiendtlege land får ikkje spenna bein for Zimbabwe sin diamanteksport, sa Musukutwa til den norske delegasjonen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt