Uber melder om 6000 overgrep på to år i USA

Taxitenesta Uber melder at nesten 6000 seksuelle overgrep vart rapporterte inn i USA i 2017 og 2018. Av dei var meir enn 450 valdtekter.

Innzoomet Uber-logo
Foto: JOSH EDELSON / AFP/NTB Scanpix

Tala er henta frå ein rapport som skyssformidlaren sjølv offentleggjorde torsdag. Rapporten handlar om sikkerheit for reisande med tenesta.

Uberapp på mobil

Uber-app på mobilskjerm.

Foto: Richard Drew / NTB Scanpix

Uber opplyser ifølgje Reuters at 99,9 prosent av dei 2,3 milliardane til tenesta reiser i 2017 og 2018 gjekk utan noka form tryggingsproblem.

Det er første gong Uber har frigjeve slike tal. Bakgrunnen er at konkurrenten Lyft har ei aukande mengd klager frå reisande som opplever misbruk.

1 av 4 utrygge i Noreg

I Noreg har kvar fjerde nordmann følt seg utrygg i drosje, og mange opplever at det ikkje har vore ei profesjonell nok teneste, ifølgje Forbrukerrådet.

Her i landet la regjeringa i april fram planar om ei ordning slik at passasjerar lettare kan få vite identiteten til sjåføren, registreringsnummeret på bilen og få loggført turen på mobilen sin.

Desse skjerpa krava til næringa gjer at passasjeren kan gå tilbake til loggen fra turen i 60 dagar.

– Dette gir politiet betre høve til å etterforske ei sak dersom turen endar med politimelding, sa Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet, då regjeringa presenterte planen.

SISTE NYTT

Siste nytt