Brannbilar, politihelikopter, ambulansar og boder så langt ein kan sjå.
Lågmælt blir det gjeve informasjon om korleis ein skal verje seg mot alt frå radioaktiv stråling til pandemi og rakettangrep.
Alt dette skjer midt i det historiske sentrum av Potsdam, den største byen i delstaten Brandenburg.
Her kan folk lytte på luftvernsirenen for å gjere seg kjend med lyden.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKEi diger luftvernsirene er stilt ut på torget slik at folk kan få sjå korleis den ser ut. Og snart skal vi få høyre korleis det høyrest ut når flyalarmen går. Ein kjend lyd for folk i Ukraina, men noko ganske framand for oss som bur i fredelege Europa.
I boda ved sidan av får ein ungeflokk i oppgåve å pakke ein stor fjellsekk med det aller viktigaste. Kva er det viktigaste de hugse på, spør kvinna bak disken strengt. Er det vatn, mat, klede eller medisinar? Kanskje batteri til ei lommelykt?
Så blir fasiten delt ut i form av ei pakkeliste med logoen til det tyske sivilforsvaret.
Sjekkliste for kva folk bør ha i naudlageret sitt.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKBeredskapsdagen i Potsdam var eit pilotprosjekt der ein ser på korleis ein best kan førebu folk på kriser og krig. Samstundes vekkjer det vonde minne i eit folk som framleis hugsar andre verdskrigen.
Ja det er snart 80 år sidan, men foreldre og besteforeldre har sidan 1945 fortalt historia om det store nederlaget og den store undergangen.
Føraren Adolf Hitler hadde bestemt seg for å kjempe til siste mann. Heile byar vart bomba til smågrus.
Berlin i 1945.
Foto: ApI Berlin vart bygningsrestane samla i ein 80 meter høg haug som ligg på vegen til Potsdam. Den blir berre kalla Teufelsberg, djevelberget, og er ein populær motbakketur like ved Olympiastadion.
Her ligg altså restane av nazistane sine ambisjonar om verdsherredømme.
Den nedlagde lyttestasjonen til CIA kan skimtast på toppen av det menneskeskapte Teufelsberg i Berlin. Baketoppen er no eit populært turmål.
Foto: ReutersAlarmen går
Klokka tolv byrjar luftvernsirenene å ljome i Potsdam. Ein kan formeleg sjå det går kaldt nedover ryggen på dei aller eldste som er møtt opp.
Eit eldre ektepar fortel NRK at dei håpar ungdommen tek beredskap på alvor. Det kan berge liv om katastrofen igjen skulle råke.
– Krig er aldri vakkert. Det finst ingen rettvise krigar, fortel mannen.
Han peikar på kona:
– Faren hennar blei drepen i krigen, vi blei begge fødde i krig. Vi håpar inderleg å aldri måtte oppleve noko slikt igjen, fortel han.
Ekteparet er urolege for utviklinga i Europa. Begge var fødde under andre verdskrigen fortel dei.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKEit farlegare Europa
Samtidig med beredskapsmessa gjekk føre seg det eit stort drama i Russland. Leiaren for dei frykta Wagner-leigesoldatane, Jevgenij Prigozjin, hadde sendt soldatar mot Moskva.
Ingen visste korleis det ville ende.
Ville det bli borgarkrig i Russland? Ville det rakne fullstendig? Ville det kome ein stor flyktningstraum mot Europa? Ville atomvåpen kome på vidvanke?
Ein mann fortel til NRK han er uroleg for kva som vil skje dei neste timane i Russland.
Mange tyskarar, spesielt dei som kjem frå det gamle DDR, har sympati med det russiske folket.
Og Tyskland som land har brukt heile etterkrigstida på å gjere opp for ugjerningane til nazistane.
Forbundskanslar Willy Brandt kneler ved den tidlegare jødiske gettoen i Warszawa i 1970. dette blir rekna som ein av dei sterkaste symbola på tysk anger. Brandt tok imot året etter Nobels fredspris, og i grunngjevinga vart det lagt vekt på at han hadde knelt ved eit jødisk minnesmerke. Dette blei sett på som eit eksempel på «korleis han arbeidde for å gravlegge hat og søke forsoning over krigens massegraver».
Foto: ApSlik har krigen i Ukraina blitt eit mentalt sjokk. I snart 80 år har det tyske folket arbeidd med å vende seg vekk frå ein militaristisk politisk kultur.
Det var vel den første generalsekretæren i Nato, Hastings Ismay, som har blitt tilskrive følgjande sitat om kva rolle Nato skulle ha i etterkrigstida:
– Det handlar om å halde Sovjetunionen ute, USA inne og Tyskland nede.
Kontrasten kunne vel knapt ha vore større til noverande generalsekretær Jens Stoltenberg. Då han vitja Berlin i juni kom han med si stor oppfordring til tysk industri om å ruste opp.
Det er mangel på våpen og ammunisjon og det er Tyskland som har kapasiteten til å gjere noko med dette, sa Stoltenberg i ein tale til tyske industrileiarar den 19. juni.
Generalsekretær i Nato og den tyske forsvarsministeren ved ei bergingspanservogn besøker ein mekanisk verkstad i Flensburg som klargjer stridsvogner til Ukraina 20 juni.
Foto: APTyskland rustar opp
Den tyske regjeringa har teke oppfordringa på alvor. Forbundskanslar Olaf Scholz har ambisjonar om å bruke 2 prosent av brutto nasjonalprodukt på forsvar. Ein vil merke det at Europas største økonomi no rustar opp.
Men mange eg snakkar med i Berlin er urolege for dei langsiktige konsekvensane. Dei vil ikkje ha noko med krig å gjere, og meiner ein heller skal bruke pengane på klimatiltak.
Dette er ein generasjon som har vakse opp med krigsskadde besteforeldre. Krig er noko ein må unngå for kvar ein pris. Byggjer ein mange nok våpen vil dei før eller seinare bli brukt.
Nye kyrkjegardar men gamle kanoner
Nyleg var eg i Frankrike og besøkte krigskyrkjegarden ved Verdun. 17.000 kors på sletta der det store slaget stod mellom Tyskland og Frankrike under første verdskrigen.
Frankrikes president François Hollande og forbundskanslar Angela Merkel under ein seremoni ved krigskyrkjegarden i Verdun i 2016. Tyskland og Frankrike har etter to verdskrigar blitt allierte og samarbeider i Nato for å trygge Europa.
Foto: ApKnoklane til over hundre tusen 20-åringar er lagt til kvile inne i sjølve minnesmerket. Framleis driv ein med identifisering av dei falne.
Rettsmedisinarar identifiserer knoklar ved slagmarka i Verdun, 100 år etter.
Foto: ReutersKanskje hadde kyrkjegarden i Verdun gjort større inntrykk om ikkje NRKs korrespondent først sett dei nyplanta gravplassane i Ukraina.
Dei veks uhyggeleg raskt og vitnar om prisen ein ny generasjon ungdommar må betale.
Ein av mange kyrkjegardar i Kharkiv, Ukraina.
Foto: ReutersDet begge krigane har til felles er at dei fleste vart drepne av artilleribombardement. Slik sett har krigens natur endra seg lite på 100 år.
Og ein kan bli freista til å spørje seg. Kor mange gongar skal unge menn døy for gamle menn sin hunger for makt?
Kva skjedde med aldri meir?
Det vil vere trist om tyskarane no kjem til den konklusjonen at det er forgjeves å gjere opp for seg og å søke fredelege løysningar på konflikt.
«It ain't over til the fat lady sings»
Det roa seg til slutt i Moskva. Det vart ikkje borgarkrig og verdas undergang denne gongen heller. Jevgenij Prigozjin tok flyet til Belarus, og leigesoldatane hans vart sende heim.
Ved politihelikopteret i Potsdam stilte politiorkesteret seg opp for å spele litt koseleg jazz. Ungane fekk iskrem og foreldra kosa seg i sola.
Politiorkesteret spelar lystig jazz for å løfte den alvorlege stemninga.
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRKMen truleg følte nok alle som hadde møtt opp på denne laurdags føremiddagen at dei hadde brukt dagen på noko nyttig. Nemleg beredskap.