Tyskland ramma av gigantisk dataangrep

BERLIN (NRK): Fleire hundre tyske politikarar, kulturkjendisar og journalistar, blant dei forbundskanslar Angela Merkel, er ramma av det som kan vere det mest alvorlege dataangrepet mot Tyskland nokon gong.

Angela Merkel

Privat informasjon om forbundskanslar Angela Merkel er lagt ut på Internett.

Foto: Ludovic Marin / AFP

Ifølgje Spiegel Online er alle partia i den tyske nasjonalforsamlinga ramma av dataangrepet, bortsett frå det høgreorienterte partiet Alternativ für Deutschland (AfD). Dette er seinare i dag også offisielt stadfesta. Det er uklart kven som står bak angrepet.

Radiostasjonen Inforadio melder at telefonnummer, e-postadresser og faks-adresser, saman med fleire brev, er lekt ut og publisert på Twitter. Det er uklart kva type informasjon breva inneheldt.

Det tyske byrået mot nettangrep, BSI, stadfestar i ettermiddag at det har vore eit stort tal nettangrep mot Tyskland, og at angrepa var delvis vellukka. Det blir også opplyst at dei har bede den amerikanske etterretningstenesta NSA om hjelp til å etterforske dataangrepet.

– Ikkje sensitiv informasjon

Frank-Walter Steinmeier.

Også president Frank-Walter Steinmeier er ramma av det alvorlege dataangrepet.

Foto: Annegret Hilse / AP

Ei talskvinne for den tyske regjeringa stadfesta ved 11.30-tida norsk tid at data og dokument frå fleire hundre politikarar er lagt ut på Internett. Ho understrekar likevel at hemmeleg eller sensitiv informasjon ikkje har vore på avvegar.

Talskvinna er likevel klar på at tyske styremakter ser svært alvorleg på det som har skjedd. Også fleire journalistar og programleiarar på tysk fjernsyn er ramma av angrepet.

Ein talsmann for det tyske forsvarsdepartementet seier at dei væpna styrkane ikkje er ramma av dataangrepet.

Twitterkontoen som vart brukt vart sletta i løpet av føremiddagen i dag

Det skal også vere snakk om personlege bilete, rekningar og kredittkortinformasjon. Også president Frank-Walter Steinmeier er blant dei fleire hundre politikarane som er ramma av datainnbrotet.

Twitterkonto

Dette er twitterkontoen som la ut lenke til den stolne informasjonen. Kontoen er no sletta.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

Julekalender på nettet

Hajo Seppelt.

Antidoping-journalisten Hajo Seppelt er ein av dei som er ramma av dataangrepet.

Foto: Jens Wolf / AFP

Det er uklart når dataangrepet mot tyske styresmakter starta, men det synest klart at det vart stansa i slutten av oktober i fjor.

Informasjonen vart spreidd via ein «julekalender» på twitterkontoen @_0rbit. Det vart lagt ut ei lenke kvar dag i desember, og lenka gjekk til ein blogg der den stolne informasjonen var lagt ut. Twitterkontoen er no sletta.

Fleire tyske kulturkjendisar og fleire rockeband har også fått e-postkontoane sine hacka. Blant materialet som er stole er bilete frå ferieturar og andre private gjeremål.

Ifølgje Bild-Zeitung er dopingekspert i kringkastingsselskapet ARD, Hajo Seppelt , blant 33 kjende TV-namn som står på lista over dei som er ramma av dataangrepet. Han har stått bak fleire store avsløringar av russisk doping av idrettsutøvarar.

Også humoristen Jan Böhmermann er blant dei som er utsette for dataangrepet. Han er blant anna kjent for å ha laga ei omstridd nidvise om den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan.

Tidlegare angrep

Tyskland har også fleire gonger tidlegare vore utsett for alvorlege dataangrep. I fjor greidde hackarar å ta seg inn i datanettverket til det tyske utanriksdepartementet. Kjelder i dei tyske tryggingstenestene har etter tidlegare angrep sagt at spora har ført til den russiske gruppa APT28.

Ekspertar meiner denne gruppa har tette band til ei av dei russiske tryggingstenestene.

Russiske styresmakter har blankt avvist alle slike skuldingar, og ifølgje Kreml er skuldingane ein del av ei «russofobisk heksejakt».

Eksperten Mike Hart i det private datatryggleiksselskapet FireEye seier til nyheitsbyrået Reuters at det siste angrepet mot Tyskland er alarmerande, men dessverre ikkje overraskande.

– Det er på høg tid at den tyske regjeringa tek spørsmålet om nettryggleik på alvor, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt