Hopp til innhold

Tyskarane spør seg: Korleis kunne han gå fritt rundt?

Mange tyskarar reagerer på at Anis Amri var kjent for politiet som ein ytterleggåande islamist, som dei mistenkte kunne ha planar om ei terrorhandling. Likevel gjekk han rundt som ein fri mann.

Anis Amri

Politiet er sikre på at 24 år gamle Anis Amri stod bak terroren mot ein julemarknad i Berlin sist måndag.

Foto: HO / Afp

Tre døgn etter terroraksjonen mot julemarknaden i Berlin undrar mange tyskarar kvifor det tok så lang tid før politiet gjekk ut med etterlysing av den 24 år gamle tunisiaren.

Lommeboka hans med identitetspapir vart funne i lastebilen som vart brukt i terroraksjonen alt tysdag ettermiddag, men han vart ikkje etterlyst internasjonalt med namn og bilete før torsdag kveld.

– Gjorde ingenting

Etterlysningen fra tysk politi.

Tysk politi gjekk ut med denne etterlysinga onsdag kveld, nesten to døgn etter terroraksjonen.

Foto: AP

Innanriksminister Thomas de Maizière sa at i dag at dei no har bevis for at Anis Amri var inne i førarhuset på lastebilen som vart brukt i terroraksjonen. Fingeravtrykka hans er funne både inne i førarhuset og på utsida av køyretøyet. Han uttrykte også håp om at gjerningsmannen snart vil bli arrestert.

Det har likevel kome fram kraftig kritikk av politiet. Berlinavisa BZ kom på gata i dag med denne hovudtittelen på framsida: «Dei visste om han – dei gjorde ingenting».

Det verka nesten for godt til å vere sant når politiet kort etter terroraksjonen arresterte ein ung pakistansk mann, mistenkt for å ha stått bak. Dei fleste pusta letta ut og rekna med at gjerningsmannen var teken.

Så byrja det å gå rykte tysdag ettermiddag om at politiet hadde funne ut av den pakistanske mannen likevel ikkje var den skuldige. Nesten eitt døgn etter terroraksjonen kom meldinga om at mannen var sett fri.

Terrorrammet julemarked i Berlin gjenåpnet.

Politiet patruljerer den nyopna julemarknaden i Berlin. Marknaden har vore stengt sidan terroraksjonen sist måndag.

Foto: Fabrizio Bensch / Reuters

Mystisk Twitter-melding

Ein annan ting som har vekt undring i Tyskland er ei Twitter-melding frå leiaren i den islamkritiske organisasjonen Pegida, Lutz Bachmann, tysdag føremiddag. Her hevdar han at han har fått vite av kjelder i politiet at gjerningsmannen er ein tunisisk muslim.

Dette skjedde fleire timar før den arresterte pakistanske mannen vart sett fri, og over eit døgn før den tunisiske 24-åringen vart ettersøkt.

Amri kom til Tyskland i juli 2015 på eit tidspunkt då det kom svært mange asylsøkjarar til Tyskland. Han fekk avslag på asylsøknaden sin i juni i år, men han kunne ikkje sendast ut fordi han ikkje hadde pass.

Tunisiske styresmakter nekta for at han var tunisisk statsborgar.

Tysk politi opplyser at Anis Amri har brukt minst seks ulike identitetar under opphaldet i Tyskland, og han har reist mykje mellom ulike delstatar i landet. Han var under overvaking fordi han vart sett på som ein potensiell terrorist.

Politiet tror dette er Berlin-terroristen

Julemarked i Berlin gjenåpnet.

Julemarknaden i Berlin vart opna igjen i dag. Biletet under vart teke i dag, det over etter terroraksjonen måndag.

Foto: Michael Sohn / AP

Radikale islamistar

Dette fordi han var i kontakt med radikale islamistar, blant anna den kjende irakiske hatpredikanten Ahmad Abdulaziz Abdullah A, som vart arrestert i november i år for å ha etablert eit rekrutteringsnettverk for terrororganisasjonen IS. Han hadde også søkt på Internett om korleis ein kunne lage sprengstoff .

Der Spiegel skriv til og med at det tyske tryggingspolitiet hadde fått tips om at Anis Amri hadde meldt seg frivillig til å gjennomføre eit sjølvmordsangrep.

Politiet seier dei overvaka 24-åringen 24 timar i døgnet som ein av 540 radikale islamistar dei meinte kunne vere farlege.

Berlinere føler seg utrygge i egen by

Liste over farlege personar

Overvakinga av Amri viste at han dreiv småhandel med narkotika på gata i Berlin, men dei fekk aldri nok på han til å halde fram overvakinga. Dette trass i at han var på ei liste over farlege personar både i Italia og USA.

Ein amerikansk tenestemann seier til New York Times at Anis Amri stod på ei liste over personar som ikkje får reise med amerikanske fly.

Han vart arrestert for å ha brukt falske identitetspapir i 2015, men etter nokre veker vart han sett fri igjen.

SISTE NYTT

Siste nytt