Heilt sidan andre verdskrig har det gått rykte om at nazistane mot slutten av andre verdskrig dumpa store mengder gull i Koningsee, i håp om ein dag å kunne hente det opp att.
Adolf Hitler sitt berømte ørnereir på ein fjelltopp i Berchtesgaden ligg ikkje langt unna, men tyske styresmakter avviser at det kan vere snakk om nazigull.
Gullbarren skriv seg nok frå ein annan tidsepoke, sjølv om det enno ikkje er slått fast kvar den kjem frå eller korleis den hamna på botnen av innsjøen.
Verdt 150 000 kroner
Jenta fann gullbarren på kring 2 meters djupn og tok den med til politiet. Dykkarar har sidan undersøkt botnen grundig, men utan å finne teikn til fleire skattar.
Dersom ein eigar ikkje melder seg, eller det vert dokumentert at gullet kan knytast til ei kriminell handling, får jenta truleg behalde gullbarren, som ifølgje politiet er verdt 16 000 euro, nærare 150 000 kroner.