Tysk mesling-fornektar må punge ut

Ein tysk biolog, som hadde lova 100.000 euro til den som kunne leggje fram bevis på at meslingar verkeleg er ein virussjukdom, må betale ut pengane, mot sin vilje.

Barn får vaksine mot meslinger

Eit lite barn får vaksine mot meslingar. Verdas helseorganisasjon ber europeiske land trappe opp vaksinasjonsprogramma sine.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Det var ein domstol i den tyske byen Ravensburg som kom med den spesielle rettsavgjerda om at mannen måtte levere frå seg dusørpengane.

Det var i 2011 at biologen la ut den spesielle utlysinga på nettsida si, der han lovde 100.000 euro for eit skikkeleg bevis. Han seier til avisa südkorier.de at meslingar er ein psykosomatisk sjukdom, som blir utløyst av separasjons-stress.

Gjorde krav på pengane

Ein tysk lege som har publisert fleire vitskaplege artiklar om meslingar som ein virussjukdom, gjorde krav på dusørpengane. Biologen sa at han ikkje var nøgd med beviset, og han nekta å betale ut pengane.

Det gjorde at legen trekte biologen for retten, og domstolen i Ravensburg gav legen full støtte. Biologen må betale 100.000 euro til legen.

Debatten rasar i fleire land om kor viktig det er med vaksine mot meslingar. Tyskland har opplevd sin verste epidemi på mange år , og sist månad døydde eit spedbarn av sjukdomen i Berlin.

Ber om opptrapping

Verdas helseorganisasjon (WHO) har bede europeiske land om å trappe opp vaksinasjonen mot det svært smittsame viruset som gir meslingar, etter at det er registrert over 22.000 tilfelle av sjukdomen i Europa sidan 2014.

Meslingar gir feber og svært kløande utslett, og i ein del tilfelle kan det føre til hjernehinnebetennelse med dødeleg utfall. I Noreg blir dei aller fleste born vaksinerte, men ein del foreldre vil ikkje at borna deira skal vaksinerast.

LES OGSÅ: Student innlagt på sykehus med meslinger

LES OGSÅ: Europa er eksportør av meslinger

LES OGSÅ: WHO krever vaksineøkning i kamp mot meslinger

SISTE NYTT

Siste nytt