Hopp til innhold

Tysk kvinne (28) sikta for drap på fem nyfødde born

Tysk politi har arrestert ei 28 år gammal kvinne for å teke livet av fem nyfødde born like etter fødselen. Ho har vedgått to av tilfella.

Barnegravferd i Eichhof i Kiel i Tyskland.

Det første av dei fem borna vart gravlagt i Eichhof i Kiel i mars 2006.

Foto: WULF PFEIFFER / Afp

Kvinna er frå byen Husum i Schleswig-Holstein det nordlege Tyskland. Ho har tilstått å ha teke livet av to nyfødde i 2006 og 2007. Det eine barneliket vart funne eit anlegg for resirkulering av papir i 2006, medan det andre vart funne innpakka i plast på ein parkeringsplass året etter.

– Redd ektemannen skulle forlate henne

Oberstaatsanwältin (førstestatsadvokat) Ulrike Stahlmann-Liebelt opplyste på ein pressekonferanse i Flensburg i ettermiddag at kvinna har sagt at ho tok livet borna fordi ho var redd for at ektemannen skulle forlate henne, melder Schleswig-Holsteinischer Zeitungverlag (SHZ.de) .

Førstestatsadvokaten opplyser også at dei har funne tre andre barnelik i kjellaren i huset til kvinna, men dei trur ikkje ektemannen har visst om barnedrapa. Paret har to born på åtte og ti år, som har budd saman med foreldra i huset.

Kvinna sit i dag i avhøyr, opplyser blir det opplyst.

Var i live ved fødselen

Det vart slått fast at begge borna hadde vore i livet då dei vart fødde. Rettsmedisinske undersøkingar i 2007 slo fast at dei to borna var sysken.

– Kvinna er også mistenkt for å ha sett til verda tre born til, for så å ha teke livet av dei, heiter det i ei fråsegn frå politiet i nabobyen Flensburg.

Flensburg-politiet seier at kvinna melde seg sjølv for politiet, etter at det vart teke DNA-prøve av henne.

Fleire liknande saker

Kvinna vart framstilt for ein domstol i går, men det er uklart om ho er varetektsfengsla. Politiet seier dei vil gå ut med fleire opplysningar på ein pressekonferanse seinare i dag.

Det har vore fleire liknande saker i Tyskland dei siste åra, der kvinner har teke livet av sine nyfødde born. I den verste saka vart ei kvinne dømd til 15 års fengsel for å ha teke livet av åtte av sine eigne nyfødde born.

Ho hadde grave dei ned i blomsterbed og i ein fiskedam i hagen til foreldra sine, ikkje langt frå grensa til Polen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt