For å hindre at pride-paraden vart gjennomført i Istanbul aksjonerte tyrkisk politi mot aktivistane.
Fleire av gatene som fører inn til plassen var sperra av, og eit stort politioppbod var på plass, mellom anna utstyrt med vasskanonar og gummikuler.
Desse verkemidla blei nytta umiddelbart for å bryte opp paraden. Rundt 40 gummikuler vart fyrt av mot aktivistane, ifølgje AFP.
Paraden skulle etter planen starte på Taksimplassen i Istanbul, og gå langs Istiklal-aveny. Men for tredje år på rad, har tyrkiske styresmakter valt å legge ned forbod mot paraden.
«Taksimplassen og området rundt er ikkje på lista over plassar som er godkjende for møter og demonstrasjonar», heiter det i ei fråsegn.
Kontoret til borgarmeisteren seier at dei også har fått fleire alvorlege reaksjonar om paraden, og at dette er ein av grunnane til at den er avlyst. Dei seier at forbodet skal verne deltakarar og turistar, samt sikre ro og orden.
Fleire har reagert på politiets behandling av aksjonistane på Sosiale medium.
Trugslar
Tidlegare denne veka sa ei gruppe frå ytre høgre, som har tilknyting til eit ultra-nasjonalistisk politisk parti, at dei ville stanse den planlagde paraden. Det skal dei gjere uansett om ordføraren gav grønt lys eller ikkje.
Tyrkiske LHBTI-aktivistar lovar at dei, trass i truslane, ikkje vil gi opp planane om å arrangere paraden på søndag.
Paraden hadde funne stad kvart år i over eit tiår, inntil den i 2015 vart stansa av politiet med tåregass og vasskanonar.
I 2014 deltok nær 100 000 menneske i paraden, og var ein av det største markeringane for LGBTI-rettar til i den muslimske verda, skriv NBC News.
I år fell paraden samtidig med id-feiringa, som markerer slutten på ramadan-månaden.