Hopp til innhold

Søreide: – Saudi-Arabia må samarbeide om å oppklare Khashoggi-saka

BEIJING/OSLO (NRK): – Eg forventar at saudiske styresmakter samarbeider med Tyrkia for å oppklare kva som har skjedd med Jamal Khashoggi. Det seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide. Tyrkiske etterforskarar var i natt inne i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul.

Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi har vore sakna sidan han gjekk inn i Saudi-Arabia sitt konsulat i Istanbul 2. oktober.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er svært uroa over situasjonen.

– Ja, sjølvsagt er eg det. Han har vore borte i 14 dagar og det er førebels ingen som har kunna gje ei forklaring på kva som har skjedd. Det er mange teoriar om dette, og dersom dei stemmer, er det sjølvsagt svært alvorleg.

– Kva forventar Noreg frå Saudi-Arabia?

– Vi har vore veldig klare på at saudiske styresmakter har eit ansvar for å samarbeide med styresmaktene i Tyrkia for å finne ut av, og klarleggje kva som har skjedd, seier Søreide.

Utenriksminister Ine Eriksen Søreide sier at Norge har en klar forventning om at myndighetene i Saudi-Arabia bidrar til å oppklare hva som har skjedd. Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi har vært savnet siden han gikk inn i Saudi-Arabia sitt konsulat i Istanbul 2. oktober.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide kommenter Khashoggi-saka.

– Dersom det er snakk om eit drap, og Saudi-Arabia står bak, vil Noreg bryte kontakten med landet?

– Eg vil ikkje spekulere i kva som kan skje. Først må etterforskinga vise kva som har skjedd her. Men vi tar dette veldig alvorleg. Det gjer også heile det internasjonale samfunnet. Derfor er det no eit svært tydeleg press på styresmaktene i Saudi-Arabia for at dei skal bidra til at saka blir oppklart, seier Søreide.

Tyrkisk politi inne i konsulatet

I natt var tyrkisk politi for første gong inne i bygningen for å gjere undersøkingar. Dei var der i ni timar, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Med kvite drakter og blå hanskar på seg gjennomsøkte eit titals etterforskarar konsulatet. Tidleg tysdag morgon forlèt dei bygningen. Då hadde dei blant anna med seg jord frå hagen utanfor bygningen.

Turkey Saudi Arabia Missing Writer

Tyrkiske politifolk var natt å sjå utanfor det saudiarabiske konsulatet i Istanbul.

Foto: Petros Giannakouris / AP

Leitte etter DNA-spor

Dei tyrkiske etterforskarane leitte etter DNA-spor og andre spor som kan gje svar på kva som skjedde med Khashoggi inne i konsulatet.

Også saudiarabiske etterforskarar deltok. Ved sekstida blei det meldt at også dei hadde forlate bygningen.

har forlatt Saudi-Arabias konsulat

Tyrkisk politi utanfor det saudiarabiske konsulatet i Istanbul.

Foto: Emrah Gurel / AP

Trur han blei drepen

Tyrkia hevdar å ha bevis som støttar mistanken om at Khashoggi blei drepen då han var inne i konsulatet 2. oktober. Tyrkarane meiner han blei drepen og partert.

Saudi-Arabia nektar for å ha noko med saka å gjere. Styresmaktene har hevda at Khashoggi forlèt konsulatet same ettermiddag som han kom. Men dei har ikkje lagt fram bevis for dette.

Mysteriet rundt forsvinningen av den saudi-arabiske journalisten Jamal Khashoggi fortsetter. Han ble ble sist sett på hjemlandets konsulat i Istanbul forrige uke. Dette vet vi om saken.

Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi blei sist sett på veg inn i heimlandet sitt konsulat i Istanbul 2. oktober.

Pompeo i Saudi-Arabia

CNN melde måndag kveld at Saudi-Arabia arbeider med ein rapport som vil slå fast at Khashoggi døydde som følgje av eit mislukka avhøyr, og at han skulle bortførast.

Laster Twitter-innhold

Presidenten i USA, Donald Trump har snakka med kong Salman av Saudi-Arabia, som avviser at han veit kva som kan ha skjedd med Khashoggi. Men kongen har gitt ordre om at saka skal etterforskast, ifølgje Reuters.

Trump har sendt utanriksminister Mike Pompeo til Saudi-Arabia for å møte kong Salman. Pompeo landa i hovudstaden Riyadh tysdag morgon.

SISTE NYTT

Siste nytt