NRK Meny
Normal

Tyrkisk politi fann falske flytevestar

Tyrkisk politi har konfiskert over 1200 utrygge flytevestar, laga spesielt for migrantar som kryssar over Egeerhavet til Hellas.

Greece Migrants

Eigarane av desse redningsvestane har klart seg. Dei låg att i strandkanten på den greske øya Lesvos i slutten av november. Avstanden mellom Tyrkia og Hellas er betydeleg mindre enn den mellom Libya og Italia, som har vorte mykje brukt tidlegare, men den er likevel ikkje ufarleg.

Foto: Santi Palacios / Ap

Vestane vart funne i ein hemmeleg fabrikk i den tyrkiske kystbyen Izmir, og blant dei fire arbeidarane som var på staden var to av dei mindreårige, og sjølve syriske flyktningar, skriv det tyrkiske nyhendebyrået Dogan.

36 funne døde i går

Redningsvestane skal ha vore fylt med eit fyllstoff i staden for flyteelement, og var ikkje brukande for å overleve timevis i vatn. Det lokale politiet har sett i gang ei etterforsking.

Trass det kalde vintervêret held kryssinga av Egeerhavet fram, og det går ikkje alltid bra. I går vart 36 lik finne langs den tyrkiske kysten etter å prøvd å krysse havet i kraftig uver.

Izmir er ein sentral utreiseby for migrantane som set livet på spel i dårlege og overfylte båtar for å nå Hellas og EU.

EUROPE-MIGRANTS/TURKEY Refugees wearing life jackets prepare to board a dinghy to sail off for the Greek island of Chios from the western Turkish coastal town of Cesme

Ein skikkeleg flytevest kan bety liv eller død for dei mange migrantane som dagleg kryssar Egeerhavet. Denne familien har gjort seg klare til å dra frå Cisme i Izmir-provinsen til Hellas i ein gummibåt.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Dyrt med skikkeleg flytevest

På same måte som menneskesmuglarane gjer gode pengar, har salet av redningsvestar også gått godt i den tyrkiske byen, tidlegare meir kjend som ein populær turistdestinasjon.

Ein skikkeleg vest kan koste opp over tusenlappen, og den stive prisen gjer at mange droppar den eller ser seg nøgd med billigversjonar.

Fleire enn ein million migrantar kryssa Middelhavet i 2015, og dei fleste kom via Tyrkia. Av desse er 3771 registrerte døde eller sakna ifølge FNs høgkommissær for flyktningar.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt