NRK Meny
Normal

Tyrkisk krisemøte om Syria-skyting

Tyrkiske styrkar held fram med å angripa mål i Syria torsdag, som eit svar på det syriske rakettåtaket onsdag. I eit krisemøte torsdag morgon diskuterer tyrkiske styresmakter nye militæroperasjonar i nabolandet.

kampar mellom tyrkiske og syriske soldatar i Tyrkia

Den tyrkiske byen Ackakale blei onsdag offer for eit syrisk bombekastaråtak. Tyrkiske soldatar svarar torsdag med skyting i Syria.

Foto: RAUF MALTAS/ANATOLIA / Afp

Både tyrkiske sivile og syriske soldatar skal ha vorte drepne i gårsdagens kampar. Den væpna striden mellom dei to nabolanda starta då fem sivile tyrkarar blei råka av ein bombekastargranat onsdag.

Tyrkisk artilleri opnar no eld mot Tel Abyad-distriktet i Syria, 10 km frå grensa mot Tyrkia.

Krisemøte i Tyrkia

Torsdag morgon er det krisemøte i den tyrkiske nasjonalforsamlinga etter at regjeringa bad dei folkevalde god­kjenna nye militær­operasjonar i Syria.

Den tyrkiske statsministeren Recep Tayyip Erdoga har ikkje interesse av å gå i krig mot Syria, seier ein av seniorrådgjevarane hans til nyheitsbyrået Reuters.

Ifølgje kjelda vil Tyrkia halda fram med bruken av politiske og diplomatiske verkemiddel for å få ein slutt på det syriske regimet sin valdsbruk mot innbyggjarane i landet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt