Bandet er vist på fleire nettsider, og viser ein maskert mann som skyt gisselet som sit i ein stol.
Bilete frå Associated Press Television som skal vere frå videoopptaket av avrettinga . (Foto: AP)
I det gisselet fell til golvet, skyt den maskerte mannen han endå to gonger medan han ropar «Gud er stor», skriv telegrambyrået Reuters.
Stadfestar
Tidlegare på bandet er den tyrkiske mannen vist medan han bed tyrkiske firma om å trekkje seg ut av Irak, og medan han kritiserer dei amerikanske styrkane i landet.
Den tyrkiske ambassaden i den irakiske hovudstaden Bagdad, stadfestar at mannen, som heiter Murat Yuce, er drepen. Han arbeidde som lastebilsjåfør for eit firma i Irak, og er det første tyrkiske gisselet som er drepe i landet.
Sjåførnekt
Eit tyrkisk leastebileigarforbund (UND) sa i dag at dei ikkje lenger vil vere med på å frakte varer til amerikanske styrkar i Irak etter fleire bortføringar av tyrkiske sjåførar i landet.
- Under dei rådande forholda kan ingen sjåførar i Irak vere trygge. Fram til tryggleiken er betra, har vi stansa transporten av varer for dei amerikanske styrkane, seier leiaren av forbundet, Cahit Soysal, til telegrambyrået Reuters.
Forbundet representerer mellom 30 og 40 transportselskap.