NRK Meny
Normal

– Unnskyld for politivalden

Tyrkiske styresmakter seier unnskyld for politivalden som vart utført før helga. Men det er berre protestgruppa som starta opprøret som får unnskyldninga.

Tyrkia sin visestatsminister, Bulent Arinc, har bedt om unnskyldning for det han kallar «overdriven vald» mot demonstrantane, som før helga protesterte mot styresmaktene sine planar om å gjere Gezi-parken i Istanbul om til eit kjøpesenter. Arinc leiar landet medan statsminister Tayyip Erdogan er på tur i Nord-Afrika.

– Overdriven vald

Demonstrantane vart møtt med vasskanonar, tåregass og batongar, og politiet si handtering av dei fredelege protestane vekka mange sterke kjensler og ytterlegare protestar.

LES OGSÅ: Uroen i Tyrkia har kostet to liv

LES OGSÅ: Tyrkias statsminister forlater landet

– I byrjinga av protestane, den overdrivne valden som vart nytta mot folket som var urolege for miljøet, var feil. Det var urettvist og eg ber dei borgarane om unnskyldning, sa Arinc ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

TURKEY-POLITICS-DEMO-GOVERNMENT

Bulent Arinc styrer Tyrkia medan president Erdogan er på utanldsreise. Han ber om unnskyldning til demonstrantane som vvil behalde Gezi-parken i Istanbul.

Foto: - / Afp

Seier ikkje unnskyld til alle

Unnskyldninga kom tysdag, då Arinc besøkte leiarane av Gezi-park-protestane. Visestatsministeren forsøkte med dette å dra ei linje mellom demonstrantane som kjemper for å behalde Gezi-parken, og dei mange demonstrantane som har dukka opp i ettertid og krev ny regjering og president i Tyrkia.

– Men eg meiner at me ikkje skuldar ei liknande unnskyldning til dei som har bidratt til å øydelegging av gatene våre, og forsøkt å motarbeide folkets fridom, la Arinc til.

Uroa i Tyrkia har førebels ført til to drepne, og fleire tusen arresterte. Statsminister Erdogan har tidlegare bedt demonstrantane om å roe seg ned, og at han har «motteke beskjeden deira». Timar seinare reiste han ut av landet, som no opplever den verste uroa i nyare tid.

SJÅ VIDEO: URIX 3. juni, om opprøret i Tyrkia

Tyrkia sitt forhold til religion har til tider vore anspent. Det heile starta då grunnleggjaren av det moderne Tyrkia, Mustafa Kemal Atatyrk, gjorde landet om til ein sekulær stat.

Bakgrunn om tyrkisk uro i Urix

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt