Hopp til innhold

Minst 58 omkom då flyktningskip havarerte i Tyrkia

Minst 58 båtflyktningar miste livet då båten deira havarerte utanfor vestkysten av Tyrkia, ikkje langt frå grensa til Hellas. Over halvarten av dei okomne var born.

Ein stor redningsaksjon er sett i verk nær Izmir.

Det vart sett i gang en stor redningsaksjon etter havariet.

Foto: Ap

Dette melder tyrkiske nyheitskanalar. Fungerande guvernør i Izmir-provinsen, Ardahan Totuk, har sagt at minst 38 menneske er stadfesta omkomne, men han reknar med at talet på omkomne vil stige utover dagen. Båten havarerte berre rundt 50 meter frå land.

Kapteinen overlevde

Rundt 45 frå flyktningskipet skal ha overlevd, blant dei kapteinen og ein annan frå mannskapet. Nokre kjelder seier det var menneske frå Irak og Syria om bord i havaristen, men andre seier at det i hovudsak var palestinarar.

Flyktningbåten gjekk på eit skjer like etter avgang frå Ahmetbeyli, også det på vestkysten av Tyrkia. Dette skal ha skjedd like før soloppgang i dag tidleg.

Avisa Hurriyet melder at det var over 100 menneske om bord i båten då havariet fann stad. Det er ikkje kjent kvar flyktningane hadde tenkt seg, eller kor mange det var om bord, men dei var truleg på veg til ei av dei greske øyane like over grensa.

Viktig transittland

Tyrkia er kjent for å vere eit viktig transittland for ulovleg innvandring til Vest-Europa.

Dei siste månadene har det kome 80.000 syriske flyktningar frå Syria til Tyrkria på flukt frå borgarkrigen i heimlandet.

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: 350 båtflyktninger reddet utenfor Italia

LES OGSÅ: Båt med 200 flyktninger kantret

LES OGSÅ: Båt med 380 migranter sank

LES OGSÅ: Båt med 380 migranter sank

LES OGSÅ: 250 båtflyktninger savnet utenfor Tunisia

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt