Hopp til innhold

Tyrkia kallar norsk ambassadør inn på teppet

Tyrkia ber Noregs ambassadør forklare seg etter at Noreg og fleire vestlege land kravde at den fengsla regimekritikaren Osman Kavála blir lauslaten.

Plakat med bilde av den fengslede tyrkiske aktivisten Osman Kavala.

Tyrkiske styresmakter misliker tydeleg at 10 utanlandske ambassadar har teke til orde for lauslating av aktivisten Osman Kavála.

Foto: OZAN KOSE / AFP

I alt 10 ambassadar i Tyrkia gjekk måndag ut med ei fråsegn der dei krev at Kavála blir lauslaten, skriv den regimevennlege tyrkiske avisa Daily Sabah.

Kavála, som er forretningsmann, vart fengsla for fire år sidan for den påstått rolla hans i demonstrasjonane og opprøret i Gezi-parken i 2013.

Det statlege nyheitsbyrået Anadolu melder at Tyrkia kallar ambassadørane frå landa som stod bak fråsegna, inn på teppet for å forklare seg.

– Alle diplomatiske utsendingar er forplikta til å respektere suvereniteten og sjølvstendet i landet vårt, og å avstå frå å blande seg inn i indre tilhøve, seier ein talsmann for partiet til Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.

Kastar skugge

Fråsegna er publisert på nettsida til den norske ambassaden. Der blir det vist til ei avgjerd i Den europeiske menneskerettsdomstolen som har skulda Tyrkia for å bryte menneskerettskonvensjonen ved å halde Kavála fengsla.

Osman Kavala

Forretningsmannen Osman Kavala har sete i varetekt sidan november 2017.

Foto: iyet

– Vi ber Tyrkia sikre at han blir lauslaten umiddelbart, heiter det frå ambassadane.

I fråsegna hevdar landa òg at saka mot Kavála «kastar ein skugge over respekt for demokratiet, rettstryggleiken og openheita i det tyrkiske rettsvesenet».

Protestar utarta

I tillegg til Noreg står USA, Canada, Frankrike, Finland, Danmark, Tyskland, Nederland, New Zealand og Sverige bak kravet.

Demonstrasjonane mot planane om å byggje eit kjøpesenter i Geziparken i Istanbul i 2013 utvikla seg etter kvart til ei større protestrørsle. Mange demonstrantar vart arresterte.

Aktoratet i rettssaka etterpå hevda at demonstrantane ønskte å styrte Tyrkias regjering, noko dei tiltalte avviste.

Kavála vart i fjor frikjent for skuldingane om å ha delteke i demonstrasjonane, men han vart varetektsfengsla på ny umiddelbart etter frikjenninga. Då vart han sikta på ny, for spionasje og innblanding i kuppforsøket i 2016.

Avviser skuldingane

Den anerkjende aktivisten og filantropen har dermed sete fengsla i fire år.

Erdogan sa i ein tale like etter frikjenninga og den følgjande arrestasjonen at milliardær og demokratiaktivist George Soros står bak Kavála, noko han meiner er eit bevis på at Kavála prøver å undergrave regjeringa.

Kavála avviser skuldingane i tiltalen mot han som kan gi fengsel på livstid.

SISTE NYTT

Siste nytt