Hopp til innhold

Tyrkia hardt ut mot Sverige etter sexlov-utspel

Tyrkisk UD skuldar Sveriges utanriksminister Margot Wallström for å fare med lygn, etter at ho kritiserte Tyrkia for at grunnlovsdomstolen nyleg oppheva ei lov som forbyr sex med born under 15 år.

Mevlut Cavusoglu og Margot Wallström.

Tyrkias utanriksminister Mevlut Cavusoglu og hans svenske kollega Margot Wallström under eit møte i mai i år.

Foto: Virginia Mayo / Ap

Tyrkias utanriksminister Mevlut Cavusoglu viser spesielt til ein tweet frå Wallström, der ho seier at «den tyrkiske avgjerda om å tillate sex med born under 15 år, må endrast. Born treng meir vern mot seksuelle overgrep og vald, ikkje mindre».

Mevlut Cavusoglu seier at fråsegna frå Margot Wallström er ein del av ein rasistisk, anti-islamsk og anti-tyrkisk trend i Europa. Han gjer det klart at Tyrkia etterlever dei internasjonale pliktene sine når det gjeld born sine rettar.

– Spekulasjonar

Han seier det er ein skandale at ein utanriksminister går vidare med det han kallar falske nyheiter og spekulasjonar, og han avviser at lovendringa på nokon måte vil føre til at det blir lovleg å misbruke born seksuelt.

Kuppforsøk i Tyrkia.

Det mislukka kuppforsøket i Tyrkia 15. – og 16. juli i år har ført til dårlegare forhold mellom Tyrkia og vestlege land.

Foto: STR / Ap

Sveriges statsminister Stefan Löfven sa i ettermiddag til den svenske avisa Aftonbladet at han gir si fulle støtte til utanriksministeren sin i denne saka.

Også Austerrike får hard kritikk frå tyrkisk UD. Charge d'affaires ved den austerrikske ambassaden i Ankara vart i dag kalla inn på teppet på grunn av eit oppslag på ei nyheitstavle på flyplassen i Wien.

– Sverting av Tyrkia

Her stod det at Tyrkia tillèt sex med born under 15 år. Tyrkia skuldar austerrikske styresmakter for å oppmode til nyheitsmeldingar som svertar Tyrkia.

Det er førebels uklart kva som ligg i avgjerda i den tyrkiske grunnlovsdomstolen. Dei har oppheva ein paragraf som definerte alle seksuelle handlingar mot born som overgrep, og det har skapt sterke reaksjonar.

Både tyrkisk opposisjon, grupper som kjempar for menneskerettar og politikarar i den vestlege verda fryktar at lovendringa skal gjere det mogleg å gifte seg med mindreårige, og at born kan tvingast til å ekteskap og tidlege barnefødslar.

Amnesty International er blant fleire internasjonale organisasjonar som har reagert sterkt på vedtaket i den tyrkiske domstolen.

Skal forme ut ny lov

Det er meininga at den tyrkiske nasjonalforsamlinga skal forme ut ei ny lov i løpet av seks månader.

Den tyrkiske grunnlovsdomstolen presiserer i ei pressemelding at opphevinga av den eksisterande lova ikkje trer i kraft før seks månader etter vedtaket i domstolen vart offentleg 13. juli, altså 13. januar 2017.

I løpet av denne tida er det meininga at nasjonalforsamlinga skal lage ei ny lov som skal erstatte lova domstolen fjerna.

Samstundes seier grunnlovsdomstolen i pressemeldinga at alle seksuelle overgrep mot born under 15 år framleis er straffbart etter tyrkisk lov.

Forholdet mellom Tyrkia og vestlege land er dårlegare enn på lenge. Tyrkiske styresmakter har kritisert Vesten for manglande støtte etter kuppforsøket tidlegare i sommar.

Tyrkia vender seg fra vest mot øst