Hopp til innhold

Presidenten for Europakommisjonen sett på sidelinja i toppmøte med Tyrkia

Europakommisjonens president Ursula von der Leyen starta toppmøtet med den tyrkiske presidenten ståande fordi vertsskapet ikkje hadde sett fram ein stol til henne.

Presidenten for Det europeiske råd, Charles Michel, og president for Europakommisjonen Ursula von der Leyen møtte tysdag president Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia.

Målet med møtet var blant anna å betre forholdet mellom EU og Tyrkia. Men møtet fekk ein start som har vekt merksemd.

Då møte skulle starte, hadde vertsskapet sett fram berre to stolar. Medan Erdogan og Michel sette seg, blei von der Leyen ståande.

I ein video av hendinga ser vi at ho er usikker på kva ho skal sitte. Ho kremtar og gestikulerer forsiktig med handa.

Til slutt fekk ho tilbod om å sitte i ein stor beige sofa ute på sida, ved sidan av den tyrkiske utanriksministeren, som også hadde fått ein stol.

Overraska von der Leyen

I tidlegare toppmøte mellom EU og Tyrkia har dei tre leiarane sete saman. Hendinga kom difor overraskande på von der Leyen, sa kommunikasjonssjef Eric Mamer i EU-kommisjonen til nyheitsbyrået Ap.

– Ho skulle ha sete saman med EU-presidenten og Tyrkias president. Men ho valde å sjå bort frå protokollen og fokuserte på innhaldet i møtet i staden.

EU-ledere møtte Tyrkias president

Møtet mellom EU-leiarane og president Erdogan skal ha vart i over to timar. Dei skal blant anna ha snakke om menneskerettar. Frå venstre: President for Det europeiske råd Charles Michel, Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan og Europakommisjonens president Ursula von der Leyen.

Foto: - / AFP

Han sa at dei har vore i kontakt med tyrkiske styresmakter for å forsikre seg om at dette ikkje gjentek seg i framtida. Samtidig var Tyrkia fullt klar over at både Michel og von der Leyen skulle komme, sa Mamer.

– Turen var godt annonsert på førehand. Dei to EU-presidentane reiste saman, og då skal dei også bli behandla likt.

Skaper reaksjonar

Forholdet mellom EU og Tyrkia har vore betent etter at Erdogan nyleg trekte landet ut av Istanbul-konvensjonen frå 2011 som skulle hindre og overvinne vald mot kvinner. Europarådet stod i spissen for å forme konvensjonen.

Behandlinga av van der Leyen har skapt reaksjonar blant medlemmar i EU-parlamentet. Spanske Iratxe Garcia Perez meinte hendinga var skammeleg, melder Deutche Welle:

– Først trekker dei seg frå Istanbul-konvensjonen, og så får ikkje EU-kommisjonens president ein stol under eit offisielt besøk. Skammeleg.

Iratxe Garcia Perez

Den spanske EU-parlamentarikaren Iratxe Garcia Perez reagerer på at von der Leyen ikkje fekk eigen stol under toppmøtet i Tyrkia.

Foto: Olivier Hoslet / AP

Medan nederlandske Sophie In 't Veld undra seg over at Michel ikkje sa noko då hans kvinnelege kollega fekk sitte.

Tyrkia har så langt ikkje kommentert hendinga. Men ifølge Sky News skal det ha vore møter mellom representantar for EU og Tyrkia før toppmøtet for å bli einige om korleis dei skulle gjennomføre møtet.

SISTE NYTT

Siste nytt